I mitt avisinnlegg i Tidens Krav 7. september, som omhandla eit intervju med ordførar Lien i Vestnes kommune i VestnesAvisa, tilla TK meg, som avisa sin kommentar til eit bilete dei valde å bruke, meiningar om Senterpartiet som eg slett ikkje hadde.
Dette ga eg avisa umiddelbart beskjed om, og ba avisa om å rette opp dette ved ein notis i avisa mandag, altså valdagen. Dette hadde dei god tid til å gjere. Dette skjedde ikkje, og eg kan ikkje tru anna enn at dette er ei politisk «handling».
Dette er elendig journalistikk! Eg kjenner meg misbrukt av avisa! Det høyrer og med til historia at eg ba TK om å offentleggjere innlegget seinast fredag, slik at Kristin Sørheim skulle få høve til å gi eit svar på innlegget før valet. Innlegget kom likevel først på laurdag.
Eg mister lysta til å abonnere på Tidens Krav etter dette!