Spørsmål til samferdselsutvalgsmøte 4. mars 2020
Til Leiar av Samferdselsutvalget og til Samferdselssjef Arild Fuglseth.
Kva er grunnlagt for inntektsramma for ferjedrifta?
I 2019 viser rekneskapet at fylket brukte 401,5 mill kr til ferjedrifta og dette året fekk fylket 416,6 mill kr frå staten i rammeoverføringar.
Med andre ord gjekk fylkesferjedrifta med over 15 mill kr i overskot.
Inntektssystemet til fylkeskommunane er todelt, 60% frå rammeoverføring og 40% frå skatteinntekter.
I 2019 og på same viset er ferjedrifta også i 2020 kun finansiert av rammeoverføringane.
I 2019 stod skatteinntektene til fylkeskommunen for 1 milliard 606 million kr.
I høyringa i Stortinget og frå fleire andre, er det stilt spørsmål kvifor det ikkje er overført midlar til ferjedrifta frå 40% delen av inntektene til fylkeskommunen?
Kvifor får ikkje ferjedrifta overføringar frå skatteinntektene til
fylkeskommunen ?