Vedteken resolusjon på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal FrP.
Eit svært stort fleirtal av innbyggjarane her i fylket, ynskjer ikkje Møreaksen realisert som alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden.
Fleirtalet på omlag 35 % ynskjer fortsatt ferjedrift med utvida tilbud både på dag og natt.
Berre omlag 20 % ynskjer den undersjøiske alternativet Møreaksen, som skal ned under fjorden minst 300 meter, og med milevis i tunnelar og heile 8 rundkøyringa for å kunne kome seg gjennom og forbi Molde.
Det er ingen andre stadar i Norge at ein planlegg ein Europaveg gjennom ein by.
Å planleggje E-39 gjennom Molde by, er eit svært stort feilgrep og som også miljømessig er forkastelig.
Kostnadsmessig er dette prosjektet anslått til ca. 25 milliard kr, men på planleggingsstadiet til Møreaksen tyder alt på at prosjektet raskt kjem godt over 30-35 milliard kr i ein kontraktsfase og i reell gjennomføring.
Romsdalsaksen alternativet er ikkje godt nok utgreidd, og bestillingsverket frå Statens vegvesen her i fylket, er verken truverdig eller held mål for ein konklusjon.
Dersom konklusjonen skulle verre at Romsdalsaksen ikkje kan realiserast etter at det er gjennomført ei grundige utgreiing, går Møre og Romsdal FrP for eit utvida og godt ferjetilbud over Romsdalsfjorden.
Møre og Romsdal FrP krev at regjeringa gjennomfører ei ny og realistisk utgreiing av Romsdalsaksen alternativet, og at dette vert gjennomført før alternativet for fjordkryssing av Romsdalsfjorden endeleg vert valgt.
Møre og Romsdal FrP krev at kryssing av Romsdalsfjorden vert gjennomført med anten Romsdalsaksen alternativet eller med eit godt ferjetilbud, og at heile prosjektet Ålesund– Molde vert ført over til Nye Veier AS sin portefølje.
Dette vert sendt til fylkestingsgruppa og Stortingsgruppa der ein ber om at dette blir lagt til grunn i behandlinga av NTP som gjeldande politikk for Møre og Romsdal FrP.