Fylkesordføraren med forsøk på å bløffe, og brukar hersketeknikk med feilaktig retorikk.
Fylkesordførar Tove-Lise Torve avviste kravet om ekstraordinært Fylkesutvalgsmøte, og begrunna dette med at ei utsetting av søknadsfristen for elevane i vidaregåande skular slik FrP ville gjennomføre, ville bli kaos.
Utdanningsforbundet tilbakeviser at det ville vere problem med å utsette søknadsfristen, og dokumenterar dette i sitt brev til politikarane.
FrP reagerar sterkt på at fylkesordførar Tove-Lise Torve berre slenger ut påstandar som ikkje er begrunna i fakta, og som i dette tilfellet rammar svært mange elevar her i fylket.
Den uretten som er påført utdanningssektoren og skuletilbodet til ungdommane våre her i fylket, må reparerast ved at kuttvedtaka vert reversert.
FrP støttar 100 prosent opp om brevet frå Utdanningforbundet, og ber dei andre politikarane i fylkesutvalget og fylkestinget å ta ansvaret for kjempetabben der store kutt vart gjennomført innan vidaregåande skular, samtidig som fylkeskommunen gjekk med rekordresultat på 313,5 million kr i 2019.
Sjølve utdanningssektoren har egentlig alt teke dei rasjonaliseringane dei skulle, ved at sektoren gjekk aleine med 54 mill kr i mindreforbruk i 2019.
Finnast ikkje ein grunn i verden for å hevde at utdanningssektoren skal rasjonalisere meir enn dei faktisk sjølv har gjennomført.
Vis deg som ein ansvarleg fylkesordførar no Tove-Lise Torve, og ver med på å rette opp igjen uretten som utdanningssektoren i fylkeskommunen er påført.