Annonse
Annonse
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Sp
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Sp

Av: Kristin Sørheim (Sp), leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke

No ser det ut som vi har greidd å dra i land ei viktig ordning for ferjependlarane. Så seint som i går ettermiddag var forslaget frå regjeringa at det berre var næringslivskundar som skulle få redusert forskottsinnbetaling.

Som leiar i samferdselsutvalet er eg svært glad for at vi no har greidd å få til same reduserte forskottsinnbetaling til AutopASS for å nytte seg av rabattordninga for pendlarar som for næringslivet.
Fylkestinget i Møre og Romsdal har tidlegare bede om at beløpet måtte reduserast frå 3 600 kr til max 1 500 kr.

Dette vart ikkje av seg sjølv, jfr kva som var sendt ut så seint som i går ettermiddag frå SD, men da vi oppdaga dette forsøket på å sette pendlarane til side, vart det mobilisert frå både opposisjonen på Stortinget og regjeringspartia sine folk i Møre og Romsdal.

No vil alle kunne ha råd til å få rabatt, og dette tiltaket er ekstra viktig i denne tida med stor økonomisk risiko både for bedrifter og privatpersonar.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte