Sp her i fylket som er så knallraud og MDG frelst, har vedteke at dei ynskjer kutt i kjøttforbruket, og ynskjer skattelegging av dei som et kjøtt. Om det finnast ein vettug bonde i dette fylket som fortsatt kan finne på å stemme Sp, vil forundre meg og andre stort.
I klimakursaka i fylkesutvalget denne veka, var den fremste forkjemperen for «klimahysteri på høgt plan» Sp og Kristin Sørheim.
Dette toppa seg altså i vedtaket sitt punkt 19 som lyder:
19. Landbrukets klimaplan 2021–2030 må ligge til grunn for utslippsreduksjonene i den aktuelle perioden, og alle løsninger til kutt i landbruket må diskuteres mellom partene i jordbruket og staten for å sikre forankring og realisme. Redusert kjøttforbruk og økt forbruk av norskprodusert korn, frukt og grønt vil også være et viktig klimatiltak. Å endre kostholdet krever imidlertid virkemidler utover det landbrukssektoren rår over, blant annet skatte- og avgiftspolitikk og folkehelsepolitikk.
Ein ting er at Sp kan finne på å vedta kutt i kjøttforbruket og erstatte dette med kornproduksjon på austlandet, men å bruke auka skattar og avgifter for å oppnå dette, er så drygt at bønder her i fylket verkeleg må reagere.
Ikkje berre bønder, men folk flest kan ikkje ha eit fleirtal i fylkespolitikken med Sp i spissen som vil rasere Norsk landbruk. Både Tryggestad og andre politikarar her i fylket i Sp er mjelkebønder.
Mjølk vil dei ha, og produsere ost og smør frå kua, men kva skal dei gjere med kjøttet, grave det ned? Dette er så greinalaust at nokon må ha fått eit illebefinnende for å finne på å vedta noko slikt.
Dette vedtaket og dette standpunktet frå Sp og Kristin Sørheim her i fylket, går glatt inn i rekka for eit Sp her i fylket som framstår nærmast meir klimahysteriske enn MDG.
Vi i Møre og Romsdal FrP stemde imot heile klimahysteriet i fylkesutvalget. Vist skal vi ta vare på både miljøet i våre nærområder og ellers i landet, men at Norge skal redde verda ved å hindre at kua fis, kutte kjøttforbruket og fortsette med enda meir galskap ang nullutslippsferjer, buss og bil, er vi rett og slett ikkje med på»
Og, midt i Coronakrisa der tusenvis av arbeidsplassar er trua i svært mange næringar her i fylket, klarer altså fylkespolitikarane med Sp i spissen å ha fokuset på slikt fjas!
Sp har vore med ilag med resten av det politiske fleirtalet her i fylket inklusivt Høgre, å rasere vidaregåande skular, kollektivtilbudet, leggje ned skular, kutte tannklinikkar, auke ferjeprisane – og altså no skal også landbruksnæringa raserast og kjøttproduksjonen skal ned.
Støttar bondelaget og landbruksnæringa her i fylket Sp og Kristin Sørheim på dette?