Sp og Trygve Slagsvold Vedum sine folk her i fylket viser i desse dagar fram partiet sin eigentlege distriktsprofil.
No skal ferjetilbudet, busstilbudet og hurtigbåttilbudet kuttast i distrikta, med heile 40–50 mill kr jf. høyringa som er sendt ut frå fylket.
Vedum sine Sp-disiplar gjekk til valg på:
- Gratis ferjer
- Satsing på ferjer og hurtigbåt i distrikta
- Satsing på kollektivtilbudet i distrikta
No ser alle her i Møre og Romsdal at Sp seier ein ting før valg, og gjer stikk motsatt etter. Den same gjengen kutta fleire titals mill kroner i alt av nyttige tjenestetilbud for folk flest her i fylket i desember 2019, medan realiteten vart at fylket fekk eit gedigent driftsoverskot på svimlende 313,5 mill kr.
Likevel skal altså leiaren i samferdselsutvalget og Sp-høvdingen i fylket kutte millionar av kr på ferjer, hurtigbåt og busstilbudet. Dette er Sp i praksis her i Møre og Romsdal, Trygve Slagsvold Vedum! Sp rammar i praksis dei som bur i distrikta absolutt mest.
Senterpartiet var også garantisten der dei lova å lytte til eit stort fleirtal av folket som slett ikkje ynskjer Møreaksen med svindjupe undersjøiske tunellar, men heller Romsdalsaksen og flytebruer eller fortsatt ferjer. Gjekk ikkje mange vekene etter valget før den same gjengen i Sp, braut sine valgløfter og støtta Møreaksen iherdig.
Eg håpar verkeleg innbyggjarane her i fylket utfordrar Sp og Trygve Slagsvold Vedum med spørsmål om, kvifor svindyre bypakkar til milliardar av kr i Ålesund, Molde og Kristiansund, er viktigare enn distriktsvennlige hurtigbåt, ferje og busstilbud til vanlige folk?
FrP har fremma framlegg gong etter gong på å bruke pengane her i fylket på betre og billigare ferjetilbod, når skal Sp støtte desse framlegga og faktisk vise at dei bryr seg om distrikta ?
Men, Trygve Slagsvold Vedum og Kristin Sørheim kjem heilt sikkert berre til å skulde på alt og alle, medan realiteten er at Sp har leiarane i alle hovedutvalga her i fylket.
Dei set og styrer fylket, og har ansvaret for vanstyret som foregår, der dei faktisk arbeidar MOT innbyggjarane ved å gjere ferje, buss og hurtigbåttilbodet dyrare og dårlegare for folk flest og for næringslivet i distrikta.