Når ein høyrer referat frå Statens vegvesen AVD Møreaksen, snakkar ned flytebru på Langfjorden, er det på høgt tid med litt rydding i STVV region midt.
Sjølvsagt forstår eg godt at STVV sin Kjetil Strand kjempar med nebb og klør for å beholde dette greinalause prosjektet Møreaksen, STVV forstår svært godt at dersom ei fjordkryssing over Langfjorden blir fronta framover, ryker sjølvsagt Møreaksen som alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden.
Kryssing av Langfjorden er det absolutt viktigaste samferdselsprosjekter for næringslivet i Romsdalen og på Nordmøre.
Det er FV 64 og ferjestrekninga Åfarnes-Sølsnes, som er næringsveg og eksportvegen for denne regionen.
Romsdalsaksen kan lett løyse ut ei arm over Langfjorden, og då har ein slått to fluger i ein smekk.
Nye Veier AS får nok rimeleg sikkert strekninga Ålesund-Molde inn i sin portefølje, og vil sjølvsagt bruke haudet og byggje noko som både tjener næringslivet og folket i regionen best.
Flytebruteknologien er i ei svært positiv utvikling, og det einaste miljøet her til lands som fortsatt motarbeider dette, er dessverre Statens vegvesen region midt.
Problemet i dag er at STVV set på alle sider av bordet, og hindrar private kompetansemiljø i å kunne utvikle slike prosjekt i praksis.
Rett nok er STVV region vest ei heilt anna haldning til flytebruer, og det ser nesten ut til at vi må slå oss ihop med Vestland fylke, for å kunne sleppe unna motarbeidelsane frå STVV region midt.
Eg håpar prosjektet med flytebru over Langfjorden vert satt verkeleg full gass på, og både FrP og eg vil både prioritere og aktivt arbeide for dette prosjektet.
Eg håpar også at Statsråden snart sørger for at STVV region midt, blir sendt på tvungen studietur til region vest og får lært seg opp på flytebruteknologien.