FrP krev i sitt nye partiprogram, folkeavrøysting i alle vindkraftsaker på land, skulle berre mangle at folket får bestemme dette direkte.
FrP fremma også dette standpunktet i Fylkesplansaka i førige fylkesting, men vart grundige stemt ned.
Spesielt Senterpartiet ved Kristin Sørheim var sterkt imot at folket skulle få bestemme om ein skulle tillate vindkraft utanfor sine eigne heimar her i fylket. Sp forsøker å framstå som motstandarar av vindkraft, men nektar altså at innbyggjarane skal få bestemme over desse betente sakene direkte.
Sørheim meinte ho og resten av fleirtalet i fylket, viste betre enn innbyggjarane, og når ho var valgt skulle Sp og ho bestemme. Sjå korleis det har gått med ferjedrifta og vidaregåande skular, der Sp gjekk til valg på gratis ferjer og satsing på vidaregåande skular. Etter valget vart resultatet med Sp, 50% dyrare ferjer og 34 millionar kr i kutt innan dei vidaregåande skulane.
FrP meiner det er svært viktig at enda meir reell makt kjem direkte til folket, og folkeavrøysting i viktige saker slik som greinalause vindkraftanlegg, er folkeavrøysting definitivt på sin plass.
Vi forstår Sp og Kristin Sørheim egentlig veldig godt, når vi husker på at det var Sp statsråden Riis Johannesen som påtvinga statleg vindkraftplan på Haramsøya mot folket og kommunen sin vilje.
Vindkraftsaka på Haramsfjellet er såleis Sp sitt monument og er Sp i praksis når dei kjem til makt.
Av: Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP