Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim, fylkesutvalsmedlem SP
Ytring
Kristin Sørheim, fylkesutvalsmedlem SP
28 oktober 2020 11:11
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fylkesutvalsmedlem SP
Kristin Sørheim, fylkesutvalsmedlem SP
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar fra Kristin Sørheim til Frank Sve sitt debattinnlegg 28.10.2020:

Ein stor del av utbygde vindkrafta i Norge er i dag finansiert og eigd av private, og for ein stor del av utanlandske interessentar. Det er FrP-politikk og H-politikk i praksis når dei har makt.

Om og kvar ein skal bygge ut vindkraft er og bør vere ei politisk avgjerd. FrP sat i regjering i sju år. Det er først etter at dei kom i opposisjon dei engasjerer seg og liksom viser styrke med at dei i nytt partiprogram vil ha folkerøysting. FrP sine energiministrar frå FrP, Freiberg og Listhaug, kunne stoppa vindkraftverket på Haramsøya, men det makta dei ikkje. Vedtaket frå 2009 da SP hadde energiministeren kunne vore omgjort pga. tida som var gått. Det torde ikkje FrP. Så kan vi i SP beklage statleg plan i 2009, men tida var annleis da.  Difor fremma SP og MDG 19.juni i 2019 eit forslag i Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen sikre at vedtak om utbygging av vindkraft er i tråd med lokale ønsker og kommunestyrevedtak. Konsesjon kan ikke gis i strid med kommunestyrevedtak.» Dette forslaget fekk ikkje støtte frå FrP eller andre parti.

Senterpartiet har også føreslått at ein må utgreie eit forslag til heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft. Kanskje er det rett å vurdere ein naturressursskatt på vindkraft, som kjem kommunane til gode. Slik det er i dag, er det småsummar som blir gjeve til kommunane som kompensasjon for arealbruken og ulempene.

Så held Frank Sve fram med å spreie desinformasjon om SP generelt og Kristin Sørheim spesielt. Den som vil ha fakta, bør følgje møta, som er streama, og ikkje berre Sve si tolking.

Eg og andre frå SP sa i dette møtet at kvart kommunestyre kan i dag bestemme om dei vil ha rådgjevande folkerøysting i saker. Vi meiner at det skal kommunestyret sjølv bestemme, ikkje Staten. Ta eit eksempel om forslaget frå FrP skulle bli vedteke: 25% av folket i ein kommune møter opp og stemmer ja eller nei til vindkraft. Dei som seier ja får ein stemme meir enn dei som seier nei, altså seier kanskje 12,51% ja. Eller motsett, 12,51% seier nei, og kanskje kjem alle dei 12,51% frå ein heilt annan del i kommunen enn den som får belastninga. I Ålesund skal det t.d. ikkje mange ja-stemmer til i bysentrum før dei overkjører dei som får ulempene. Er det da rett at desse 12,51% av innbyggjarane skal trumfe gjennom ei bygging? Er det eit stort nok fleirtal til å seie at «folket» er for??? Vi meiner at kommunestyret til slutt må vege fordeler og ulemper og kor mykje vekt dei skal legge på folkerøystinga må også vurderast i forhold til kor mange som møter opp og stemmer og kanskje kvar dei kjem frå i kommunen. FrP-forslaget er ikkje gjennomtenkt og er eit lettvint og symbolsk og populistisk «tulleforslag» som vil skape enda meir problem enn vi har i dag.

FrP held fram med å fortelje ei absurd historie om at SP og Kristin Sørheim har lova gratis ferjer og auka ferjetakstane med 50 % og kutta i tilbodet til vidaregåande skular. For det første har Møre og Romsdal hatt dei lågaste takstane i landet på fylkesvegferjene i 2020. SP har fremma fleire forslag i Stortinget om auka ferjefinansiering og lågare takstar. Dette har Sve motarbeidd med nebb og klør dei siste to åra. Det er ikkje mange dagar sidan vi kunne lese: «Det er uaktuelt å kreve mer penger fra staten til ferjedrifta. Møre og Romsdal har fått de pengene de har krav på fra staten, sier Sve». Måndag i denne veka i fylkesutvalet oppdaga Sve plutseleg at det er ei dårleg sak for FrP å motarbeide auka pengar til ferjedrifta og snudde 180 grader.

Vidaregåande skular gjekk med nesten 50 mill. i overskott i 2019, og desse pengane fekk dei med seg over i 2020. Vi har oppretta nye tilbod der søkninga var stor. Vi har sjeldan hatt ei betre tilpassing mellom søknader og tilbod.

Sve kjempa også med nebb og klør mot at vi skulle utgreie ferjetilbod mellom Aure og Hitra og no sist mot at Møre og Romsdal fylkeskommune skulle krevje gjennomgåande rute for Kystekspressen. Eg er veldig glad for at FrP ikkje har makta i fylket.

SP er eigentleg glad for å vere den politiske hovudmotstandaren til sentraliserings- og  privatiserings-partiet FrP, som har bidrege til større skilnader mellom folk i Norge og den mest omfattande sentraliseringa av makt og kapital i landet nokon sinne. Vårt mål er sjølvsagt å fjerne FrP og H frå regjeringskontora til neste haust.

Av: Kristin Sørheim, fylkesutvalsmedlem SP

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse