fbpx
Annonse
Annonse
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Fylkestinget har vedteke svært strenge miljøkrav i ny fylkesplan, og korleis Møre og Romsdal fylke kan bruke ein kalori på Møreaksen på dette grunnlag, er rett og slett uforståeleg.

Kryssing av Romsdalsfjorden med ny verdensrekord i undersjøisk tunellar, eit omvendt nytt Ørskogfjell, vil medføre svært store utslipp frå biltrafikken og spesielt frå tungtrafikken.

Korleis fylkeskommunen kan etterleve sin eigen fylkesplan på miljøområder er rett og slett umogeleg å forstå, og syner for alle Sp og Ap sin dobbeltmoral i dette saksområdet.

Det er ein massiv motstand mot djupe undersjøiske tunellar og ny E39 gjennom Molde by, frå innbyggjarane og næringslivet i heile Møre og Romsdal, noko som alle politikarar i fylket vårt burde lytte til.

Flytebruer er framtida for ferjefrie løysingar, og FrP vil arbeide aktivt for at flytebruer blir nytta i all planleggingar av fjordkryssingsprosjekt framover.

Flytebruer er billigare, tryggare og svært mykje betre miljømessig, og då bygger ein fjordkryssingar som også gåande, syklende og turistar kan nytte.

Møreaksen er utgått på dato, og heldigvis får nok Nye veier ansvaret for strekninga Ålesund–Molde, dermed vil nok fornuften sigre, der Statens vegvesen samt Høgre / Helge Orten sitt greinalause Møreaksenprosjekt blir skrinlagt ein gong for alle.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte