Annonse
KSU – Vipps – desktop
Lars Valderhaug
Ytring
Lars Valderhaug
29 desember 2020 23:19
Del på Facebook
Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen
Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nyleg slepte Samferdselsdepartementet nye tankar om vegbyggjing fleire stader i landet. Overskrifta var «Smal firefelts veg gir større fleksibilitet.» Etter tilråding frå Statens vegvesen innfører departementet ein ny vegstandard med smalare firefelts veg. Dette gir større fleksibilitet i utbyggjinga av norske vegar, og kan auke den samfunnsmessige lønsemda i fleire prosjekt, opplyser samferdselsminister Knut Arild Hareide. Det var interessant å merke seg at den første vegstrekninga som vart nemnd i den samanhang var E39 Ålesund-Molde. Dette gir nokre interessante signal om denne vegstrekninga.

Både 4 og 2/3 felt?

Spørsmålet blir då kva strekningar på dette vegstykket som blir firefelts. Med strenge målebriller fell store delar av strekninga utanfor kriteria for firefelts veg. Då er det misvisande å kalle strekninga for Ålesund-Molde. Men dersom samferdselsministeren har på seg smilebrillene sine, og ser heile strekninga i eit meir heilskapeleg og langsiktig syn, anten i ei rein firefelts-løysing eller i ein kombinasjon med ei oppgradering til 2/3-felts der det ikkje er grunnlag for firefelts veg, så blir truleg løysinga slik: (For å gjere det enkelt kallar eg alt dette for firefelts veg. 2/3-felts er tofelts med midtrabatt og forbikøyringsfelt kvar 7 km.)

Samfunnsmessig lønsemd

Firefelts veg mellom Ålesund og Molde kan tenkjast der E39 og E136 («Eksportvegen») overlappar kvarandre, då dette er det vegstykket med størst trafikk, og der den samfunnsmessige lønsemda ved å auke til fire køyrefelt er størst. Dette er mellom Ålesund og Hjelvika i fall Romsdalsaksen skal byggjast, og mellom Ålesund og Ørskogfjellet i fall Møreaksen skal byggjast. Det er meir rasjonelt, og gir større fleksibilitet i trafikkavviklinga, å utvide ein veg med to nye køyrefelt til fire når alternativet er å byggje ein ny veg med fire køyrefelt og behalde den gamle med framleis berre to køyrefelt. Og tryggleiken blir betre med midtdelar, som kan byggjast ved ei utviding av vegkapasiteten til 2/3 eller fire felt. Og det er vesentleg mindre kostnadskrevjande å byggje veg i dagen enn veg i tunnel, som og er eit argument for å samkøyre E39 og E136 så langt som mogeleg. Det blir då til Hjelvika, der E39 fortset via flytebruer til Sølsnes. Samfunnsnytten ved denne løysinga, som inkluderer Romsdalsaksen, aukar også vesentleg ved at trafikken til/frå E6 sørover får optimale tilhøve, både langs E39/E136 og langs F64.

Kva med bruene?

Kapasiteten på Tresfjordbrua må då vurderast. Truleg vil kapasiteten med to felt vere akseptabel i overskueleg framtid, og flaskehals-effekten ho då kan skape ikkje vere stor nok til å legitimere ei ny bru. Det vil ta 2–3 minutt å køyre kvar av flytebruene, så to felt bør vere tilstrekkjeleg, både med tanke på kapasitet, køyretid og tryggleik. Mellom flytebruene, på Sekken, ligg det igjen til rette for fire felt og rasteplassar.

På Sølsnes sameinast trafikken frå E39 og F64 om Åndalsnes og E6 via den planlagde Langfjordbrua, og behovet for noko meir enn ein enkel tofelts veg aukar igjen. Ny tofelts bru over Fannefjorden kompletterer Fannefjordtunnelen, som krev nytt løp eller bru grunna auka krav til tryggleik og kapasitet. Dette vil komplettere den planlagde Langfjordbrua, optimalisere ein fergefri veg til Åndalsnes, og skaffe Rauma og Vestnes kortast mogeleg veg til sjukehus, som då blir det planlagde sjukehuset på Hjelset. Ny veg Lønset-Hjelset er alt sikra. At Staten tar rekninga med bru over Fannefjorden vil spare fylket for store summar.

Knutepunktet Lønset

På Lønset deler trafikken seg mot aust og vest. Austover, forbi det planlagde sjukehuset på Hjelset, og til avkøyringa mot Kristiansund, vil 2/3 felts veg vere tenleg. Likeeins vestover til rundkøyringa ved flyplassen, der vegen tar av nordover.
Mot Molde vil bortfall av fergetrafikken og fråver av gjennomgangstrafikk frå E39 truleg gjere firefelts veg unødvendig. Det er i alle høve forhasta å planleggje for firefelts veg no. Før det eventuelt skjer, må trafikken kartleggjast/kalkulerast etter at fergene er borte. Då må det vurderast om det t.d. er tenleg med eit reversibelt tilleggsfelt frå rundkøyringa ved avkøyrsel til Fannefjordtunnelen og inn til sentrum.

Synergiar bergar bu- og friluftsområde!

Med ei optimal løysing kan, i tillegg til buområdet Fannestranda og friluftsområdet Retiro, også friluftsområda mellom Julsundet og Molde, vere berga for ettertida. Nordmørs- og Romsdalskommunane nord og aust om Molde, buområda aust om Molde og industriområdet i Årødalen vil med Romsdalsaksen få raskast mogelege veg sørover både mot Åndalsnes/E6 og E39. Dette åpnar for synergieffektar som er uoppnåelege ved Møreaksen. Ved maksimal lengde på firefelts veg med 110 km/t fartsgrense vil også skilnaden i køyretid mellom Ålesund og Molde i dei to aksealternativa bli redusert.

Offentlege styringssignal

Med E39 langs Romsdalsaksen, i ei overflateløysing utanom bysentra, unngår ein å bryte Statens vegvesen sine mange retningsliner for vegbyggjing, og utfordre norsk politikk og EU sin skepsis til undersjøiske biltunnelar. Samstundes ivaretar ein både menneskelege behov for trivsel og tryggleik i trafikken og industrien og transportbransjen sine behov for trygge, kostnadseffektive og rasjonelle arbeidsvegar. Trafikkregulariteten blir optimal, og teknologiske nyvinningar kan bli maksimalt utnytta, og legg til rette for lokal produksjon av aktuelle bruer.

Blindvegen Møreaksen

Det er no på tide at dei som står bak Møreaksen innser at å dra E39 i ein omveg i lange tunnelar, som tilsaman er dobbelt så lange som den lengste biltunnelen i verda, Lærdalstunnelen, gjennom Molde by, er eit feilslått prosjekt av så mange grunnar. Her har det vore mykje feilslått planleggjing av mange som burde forstått at dette var ei dårleg og lite berekraftig løysing. Kom ut av denne blindvegen, sjå til Nordøyvegen, og rett tankane inn på fastlandssamband mot Moldesida. Det vil alle støtte dykk i.

Jukserapport

Gløym jukserapporten til Statens vegvesen! Her må talknusarane på vakt igjen! Og no med briller med klårare fokus og reknemaskiner med tydelegare teikn for pluss og minus enn dei som Statens vegvesen Midt brukte ved rapporten frå desember i fjor. Denne gongen må reelle kostnadstal og samfunnsnytte stå i fokus. Det er no på tide at Nye Veier AS får ta ein titt på Romsdalsaksen for å få kartlagt realistiske kostnadstal og trasé-løysingar utan snubletrådar!

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse