Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
10 januar 2021 16:09
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva varer som blir produsert i Molde og Kristiansundsområdet skal til Ålesund – og kva varer som blir produsert i Ålesund skal til Molde?

Eksportvegen og «navlestrengen» til Møre og Romsdal går frå Ålesund E136 til Bjorli og Nordmøre og fra Moldeområdet via Åfarnes–Sølsnes og fv. 64 til Åndalsnes og E136, ut av fylket.

Gløym Møreaksen, bygg Langfjordkryssinga og ny fv. 64 Molde–Åndalsnes som fyrste fjordkryssingsprosjekt i Romsdalsregionen. Seinere kan traseen nord- sør ved Romsdalsaksen koblast på, fyrst ved bygging av flytebru over til Hjelset, seinere fjordkryssinga sørover frå fv. 64 til Sekken og vidare mot Vestnesområdet.

Å tru at ein kan få innarbeidd fleire titals milliardar kr. i eit prosjekt, over tre mil med tunellar, mengder med rundkøyringar, under fjorden 3–400 m, og igjennom Molde by slik Møreaksen galskapen legg opp til, er berre å gløyme fyrst som sist!

Flytebru over Langfjorden, er både praktisk, fornuftig, billig og miljøvennleg.

Torgeir Dahl, kva er realistisk og kva trenger næringslivet i Romsdalsregionen, Eksportvegen Molde–Åndalsnes og fjordkryssingsprosjekt over Langfjorden, eller galskapens akse, Møreaksen?

Alle veit at Møre og Romsdal ikkje får fleire titals milliardar kr i ny NTP.

I gjeldande Nasjonal transportplan frå 2018–2023 ligg det vegprosjekt her i fylket til 4,4 milliard kr, fleire prosjekt i Romsdalen utan at ein meter veg er bygd til no, sjølv med Romsdalingen Helge Orten som leiar av transportkomiteen.

Det er derfor berre realistisk at ny NTP gjeldande for Møre og Romsdal, konsentrerer seg om Eksportvegen E136, Ålesund–Bjorli og prosjekta der som pri nr. 1,  samtidig som eksportvegen
Molde–Åndalsnes fv. 64 med Langfjordkryssinga vert prioritert som Riksvegsamband i planen.

Møreaksen øydelegg for Eksportvegen E136 og for realiseringa av samferdselsprosjekta i heile Romsdalen. 

FrP kjem til å kreve i forhandlingane med regjeringa at Møreaksen blir fjerna, og at Eksportvegen E136 samt ferjefri eksportveg Molde–Åndalsnes med Langfjordkryssinga vert prioritert i Romsdalen. 

Dette som realisering av fyrste del av Romsdalsaksen.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKva kullkasting?
Terje Sundsbø 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrKullkasting av planer og utsettelser er kostbart. Det må regjeringen ta på sin kappe. 
Geir Ole Sætremyr 19 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHan nevner Tautratunellen og minner på at det kan ta tid. Derfor bør Reknes reserveres. Det ha Molde skusla bort. 
Terje Sundsbø 20 timer siden Demokratiets veivalg
Terje Sundsbø 20 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg leste oppslaget fra 2009, før Fergefri E39 ble lansert. Reknes er for lengst ute av bildet. Den som ikke ...
Geir Ole Sætremyr 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøFrå folk på utgåande kontrakt.Bru over Julsundet hastar ikkje, men veg mellom Julbøen og Fuglset hastar.  Kaffeslabberas i formannskapssalen.https://midsundingen.no/nyhende/vi-gir-oss-ikkje-for-moreaksen-er-bygd/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR05-c6vIQLvzJlQXnbLG648T_Ym15RpaisIh90MTlkunDSZBjsEXM3HTKY_aem_XCC4VdLAnflK00jIx7a3lg
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse