På tide å felle denne usosiale, miljøfanatiske, bil og næringsfientlige regjeringa.
Det var tydeligvis ein gedigen tabbe å frede dagens regjering i Statsbudsjettet, når vi no ser galskapens miljøpolitikk blir fremma frå regjeringa i klimameldinga.
Denne meldinga er så inn i hampen greinalaus at det nesten er vanskeleg å forstå.
FrP har felt ei regjering tidligare på bensin og drivstoffprisar, og bør gjere dette igjen om mulig.
Ei økning på 4–5 kr pr. liter for diesel og bensin er noko av det mest distriktsfientlige og næringsfiendtlige forslag eg har sette.
Har Erna gløymt at det finnast folk i dette landet nord om Sinsenkrysset?
Når FrP var i regjering klarte vi år etter år å temme klima og miljøhysteriet i Høgre, KrF og Venstre, no ser vi dei tre i «fri MDG retorikk» og eg reknar med at folket og næringslivet her i landet klart og tydelig seier NEI til dette usosiale, greinalaust gape framlegget.
Kva som egentlig røyver seg i topplokket til Høgre og co, når dei no framstår omtrent like spinnville som MDG?
I eit «miniland» som Norge, skal vi liksom redde verden og følge opp FN sine klimamål meir trufast enn paven.
Kven trur på rame alvor at dersom vi legg ned alt vi driver med her i landet, og går tilbake til hest og kjerre, at det blir registrert klima og miljøendringar med eit komma i resten av verden.
For min del er det no bråstopp, og det blir ikkje aktuelt å godta eit slikt voldsomt angrep på bilistane, næringslivet og distrikta her i landet, med slike hinsides auke i CO2-avgifter og spinnville drivstoffprisar.
Eg har i eige parti i Landsstyret for landets største FrP-fylke, ivra for å holde dei borgarlege partia samla og sørga før at landet har stabilitet i sitt styre.
No er det nok! Verkeleg påtide at vi no gjennomfører i praksis, FrP støttar ikkje ei regjering vi ikkje er ein del av.