Annonse
KSU – Vipps – desktop
Lisbeth Austnes
Ytring
Lisbeth Austnes
14 januar 2021 20:39
Del på Facebook
Haramsfjellet. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Haramsfjellet. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg har hittil ikkje vore direkte bekymra for eldrebølgen, men skjønar no at der har eg forsømt meg. Etter dramatisk oppslag i Sunnmørsposten og innslag både i NRK MR og sjølvaste Kveldsnytt, innser eg at den utgjer ei direkte fare for oss som ligg og skvulper like bak. Det gjeld særskilt på Haramsøya og Nordøyane.

Kanskje denna bølga til og med slår innover fastlandet.  I alle fall har frykta breidt seg heilt til Ålesund og politikammeret der.

Opptil fleire grupper med tilårskomne, maskerte folk skal ha plassert store steinar i vegen så staute anleggskarar får problem. I tillegg skal det vere øydelagt heile 35 hengelåsar. Derfor er det stor bekymring for sikkerheita på Haramsfjellet. Nødetatane må kunne køyre uhindra opp. Det er vi alle enige i.

Men det eg lurer på er korleis denne eldrebølga kjem seg rundt om på øya utan å bli oppdaga?  For dette må sjølvsagt foregå på dagtid medan det blir arbeidd på fjellet. Ellers er det ikkje noko sikkerheitsproblem. Med overvåkingskamera og faste politipatruljer (to skift til og med) så må denne eldrebølga vere av den raske, smidige sorten ettersom dei er umulige å ta på fersken. Trimma rullatorer med turbo og direkteinnsprøyting kan mistenkast her! Det kan også forklare enkelte episoder med blålys.

Og når det er snakk om å sperre vegen så var det visst ikkje fare for sikkerheita når utbyggar plasserte ei stor vegvalse oppi fjellvegen. Den sto der 24/7 i fleire veker. Ikkje heilt snargjort å flytte på den i nøden! Då var kanskje ikkje eldrebølgen parat til å sku heller. Men dei hadde sannsynlegvis klart det om dei vart tilkalla.

Julebaksten kan ha vore mindre søt denne jula enn vanleg, sidan sukker visstnok har blitt ein ingrediens i kampen mot vindkraftanlegget. Og med svakheit for søtsaker må eg innrømme at dersom nokon bruker lim og sukker mot dynamitt og gravemaskiner, så går mi støtte og all min sympati til dei med sukkeret. For det viser igjen at det er noko som skurrer kraftig med styrkeforholdet i vindkraftsaker. Og det er med skam å melde lite hjelp å hente frå sentralt hald – heller tvert imot. Det kan nok opptil fleire samiske reinbeitedistrikt dessverre bekrefte.  «Feige lag» heitte det før i tida.

Men som alle veit er vindkraftindustrien kun driven av rein kjærleik til klima, styrt av opne og demokratiske prosessar og lovleg fatta vedtak. Ingen kjappe telefonar og raskt handsame søknader i ettertid. Heller ingen kompistenester der i garden.  Så dei kan sjølvsagt ikkje ha tenkt at eit slikt utspel er gunstig for dei når ankesaka mot utbygginga tar til. 

Midt i all sorga, sinnet og mistilliten velg eg å tru at dommarstanden ikkje er så lett å påvirke. Ikkje lokalpolitikarane heller. Dei lever tross alt blant «oss her ute». I motsetnad til ein god del av «dei der inne» på Stortinget - som Barth Eide så fornøgd uttrykte. Fri og bevare om sosieteten på tinget blir utsatt for vanlege folk som har både meiningar og utestemme! 

No skal eg sjekke om det fins kasko for rullatorer, veit aldri kva kunnskap ein får bruk for. Og så vil eg vite kva vitaminer desse «gamlingane» tar. Lover å vidareformidle svaret både til politi og journalister, har høyrt at det kan vere bra for den kritiske sansen også.

Av: Lisbeth Austnes, Longva

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 6 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse