Annonse
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Ytring
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
26 januar 2021 13:54
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fylkesutvalet vedtok i går, på initiativ frå fylkesordførar Tove-Lise Torve følgjande: «Fylkesutvalet viser til Helse Møre og Romsdal si melding om at fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus må stenge frå 8. februar og ut året, grunna mangel på gynekologar og jordmødre. Fylkesutvalet peiker på at dette er i strid med Stortingets vedtak om at det skal være fødeavdeling både i Kristiansund og Molde fram til fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) står ferdig på Hjelset. Fylkesutvalet kan ikkje akseptere at lovleg fatta vedtak ikkje blir gjennomført.

Det er ei kvar sittande regjering sitt ansvar å sørge for at Stortinget sine vedtak blir følgt opp. Det er også ei kvar sittande regjering sitt ansvar å sørge for tilstrekkeleg tilgang på nødvendig helsepersonell i spesialisthelsetenestene våre.

Fylkesutvalet er sterkt uroa over at fødande kvinner i nordfylket, som frå før har lang reisetid til fødeavdelinga i Kristiansund, no må belage seg på å reise om lag ein time lengre for å føde. Fylkesutvalet krev at regjeringa sørger for at Stortinget sitt vedtak om drift ved begge fødeavdelingane blir gjennomført.»

Senterpartiet sa i debatten det som er vårt syn, at vi vil ha fødeavdeling i Kristiansund etter at SNR er opna, men at det no var viktigast å fokusere på rask gjenopning av fødeavdelinga i Kristiansund, framfor eigenmarkering.

Senterpartiet vil sjølvsagt arbeide vidare med å få skrota helseføretaksmodellen og gjennom vedtak i Stortinget sørge for å oppretthalde akutt- og fødeavdeling i Kristiansund, også etter at sjukehuset på Hjelset er bygd.

Når FrP i alle sosiale media prøver å gjere eit nummer av at Sp (og alle andre) stemte mot eitt av punkta i deira sitt forslag, er forklaringa at FrP ville ikkje dele opp forslaget sitt, og FrP vart sur fordi fylkesordføraren tok dette initiativet før dei, og FrP nekta å vere med på ein runde for å sjå om vi kunne få til ei felles fråsegn, berre for at dei skulle prøve å stille alle andre i skammekroken. Dette er lite til hjelp for saka, men verkar nokså Trump(ete).

FrP vil rette all skyts mot helseføretaket, medan vi meiner det er regjeringa som no må ta ansvar og følgje opp Stortinget sitt vedtak.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse