Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det nyttar lite å rette skytsen mot helseføretaka og leiarane der, slik FrP og H helst vil. Heile styringssystemet for sjukehusa må endrast. Det gjeld også finansiering av nybygg og renovering og utstyr.

Det er ikkje akseptabelt med store innsparingar i drifta både før og etter sjukehusbygginga for å dekkje kapitalkostnaden.

For å vise kor vanvittig denne modellen er: Regjeringa og Stortinget må ikkje spare på førehand for å dekkje kostnaden med eit overdimensjonert nytt regjeringskvartal eller stortingsgarasje. Forsvaret må ikkje kutte i driftsbudsjetta for å kjøpe nye jagarfly. Vi kan ikkje ha ein slik vanvittig finansieringsmodell for sjukehusa, som kanskje er dei viktigaste institusjonane for folk. Difor går vi til val på å skrote helseføretaksmodellen. Det blir ei av Sp sine viktigaste kampsaker å få gjort noko med dette. Vi har også for lenge sidan utgreia gode alternative modellar.

Vi kan heller ikkje akseptere ei ytterlegare innsparing av drifta ved Helse Møre og Romsdal for å finansiere sjukehusbygging. Regjering og Storting må no gå inn med løyvingar som gjer det mogleg å oppfylle eigne vedtak og behovet til innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal.

Sjukehuset på Hjelset skal byggast med alle dei planlagde funksjonane og avdelingssjukehuset i Kristiansund kan oppretthaldast med minst dei funksjonane som er planlagt så langt.

Senterpartiet går inn for at det skal vere føde- og akuttilbod ved Kristiansund sjukehus også etter at fellessjukehuset er bygd. Det er Stortinget og Regjeringa som må løyse den saka. Det er berre spel for galleriet av FrP å rette dette til Helse Møre og Romsdal, som ikkje har fått finansiering og ikkje godkjent eit slikt innhald frå H/FrP-regjeringa. Vi viser til alle forslag frå Sp i Stortinget som er nedstemt, og til vedtak i fylkesstyret for ei veke sidan. Vi vil anbefale å stole meir på Sp og Kjersti Toppe i denne saka, enn på Frank Sve.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 5 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrJeg stoler på ditt referat. Eller er det noe viktig du har utelatt? På samme måte har det også vært ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøDu har to alternativ: meld deg inn i fb gruppa, eller be SVV om å få ein kopi av ppt.-presentasjonen ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrPå samme måte har det også vært forslag om å flytte fergeleiet bort fra sentrum av Molde. Det blir nok ...
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøSVV har hatt oppstartsmøte med Vestnes kommune det dei skal oppgradere kaianlegget på Furneset, inkludert trinn 2 der kai nummer ...
Terje Sundsbø 10 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDu er klar over at du linker til en internettside som krever medlemskap hos Facebook? Altså ikke åpen tilgjengelig for ...
Bjørn Arild Reed Jacobsen 10 timer siden Framtidens teknologi med Møreaksen
@Terje SundsbøTerje Sundsbø, du har en tendens til å komme meg i forkjøpet . Skulle akkurat til å stive det samme ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse