Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å kunne innføre portforbod i kampen mot Covid-19. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ga høyringssvar sist veke. Senterpartiet er sterkt kritisk til eit slik forslag, og vi fekk fleirtal for dette rådet saman med FrP, SV og MDG.

Fylkesutvalet rår til at det ikkje vert lovfesta at det kan innførast portforbod som smitteverntiltak mot Covid-19.

Grunngjeving:

  • Det er ikkje godtgjort at portforbod er eit avgjerande smitteverntiltak. Forsking viser at portforbod har liten effekt på smittevern. Folkehelseinstituttet seier at den marginale effekten av eit portforbod er liten.
  • Smittevernlova § 4-1 og § 7-12 gjer det mogleg med iverksetting av tilstrekkelege tiltak mot smittespreiing, om dei blir brukt på beste måte.
  • Det norske samfunnet er fram til no kjenneteikna av tillit, og Norge har hatt relativt god kontroll på smitteutviklinga. Smittevern må bygge vidare på denne tilliten, på oppdatert kunnskap og open informasjon.
  • Portforbod vil ramme svært skeivt og gå ut over dei med dårlegast butilhøve, personar med særskilte behov og særleg sårbare grupper.
  • Portforbod er ikkje ein del av norsk rettstradisjon og utfordrar menneskerettane.
  • Omkostningane med portforbod er ikkje utgreia.
  • No har vi Covid-19 ( i stadig nye variantar). Alvorlege infeksjonssjukdommar som spreier seg lett vil oppstå igjen og igjen. Difor må det arbeidast på heilt andre måtar med forebyggande tiltak, kunnskapsspreiing og vaksineproduksjon. Kommunar og fylke (statsforvaltar eller fylkeskommune) må kunne iverksette tiltak etter geografiske variasjonar og behov.

Av: Kristin Sørheim (Sp)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøEg har svart at veiprising vil der bli i form av enten bompengar no som vil finansiere kollektivtilbud, eller ny ...
@Geir Ole SætremyrDu farer bevisst med løgn. Jeg har ikke sagt at du står i ledtog med Frank Sve (Frp). Jeg skrev: ...
@Terje SundsbøDu insinuerer at eg, busett i Ålesund,  står i ledtog med Frank Sve. Forøvrig, eg sa eg var i møte på ...
@Geir Ole SætremyrDet jo du som beskylder meg for meninger jeg ikke har. Jeg sier ikke at folk ikke bryr seg om ...
@Terje SundsbøSvar på ondsinna skukdingar der du skulder meg for meingar eg ikkje har. Dette gjer du eine og aleine for ...
@Geir Ole SætremyrOndsinnet personangrep er vel i overkant uanstendig, selv for en sunnmørsk representant for Naturvernforbundet.Du kunne i det minste konkretisere kunnskapsløsheten ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse