fbpx
Annonse
Annonse
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Stortinget har bedt om at fødeavdelinga ved det godt vedlikehalde sjukehuset i Kristiansund vert vidareført inntil nytt sjukehus på Hjelset er i drift. På denne bakgrunnen ber fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune helseføretaket om at både fødeavdelinga i Molde og i Kristiansund vert halde åpne i medhald av Stortinget sitt vedtak. Men Stortinget sitt vedtak av 12.05.20 seier ingenting om at fødeavdelinga i Molde skal haldast åpen: 

«Stortinget ber regjeringen følge opp anmodningsvedtak 750 (2017–2018), og sørge for at fødeavdelingen i Kristiansund består inntil fødeavdelingen i det nye sykehuset på Hjelset er i drift.» 

Men trass dette har helseføretaket vedtatt å stengje fødeavdelinga i Kristiansund mellombels ut året. Dette har medført fylgjande påminning frå Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget: 

«Stortinget ber regjeringen instruere Helse Midt-Norge RHF om å sikre fortsatt drift av fødeavdelingen i Kristiansund i tråd med Stortingets vedtak nr. 574 (2019–2020).»

«Stortinget ber regjeringen snarest sørge for at Helse Møre og Romsdal HF tilføres de nødvendige faglige og økonomiske ressursene til å sikre forsvarlig drift av fødeavdelingen i Kristiansund, og informere Stortinget på egnet måte.»

Med grunngjevinga for å stengje fødeavdelinga i Kristiansund friskt i minne, og med grunngjevinga for å byggje nytt sjukehus at sjukehuset i Molde ikkje fyller dagens krav til bygningsmessig standard i mente, kvifor ber fylkesutvalet om at fødeavdelinga i Molde skal haldast åpen når den åpenberre løysinga er å stengje denne mellombels for å etterkome Stortinget sitt vedtak om å la fødeavdelinga i Kristiansund bestå, og det ikkje er mogeleg å halde begge avdelingane åpne? Kanskje ville alternativet med ei stengd fødeavdeling i Molde motivert helseføretaket til å finne ei god løysing i samarbeid med dei tilsette? 
Dette er spørsmål som også adm. dir. Øyvind Bakke og styreleiar Ingve Theodorsen i helseføretaket og helseminister Høie bør svare på. Betyr eit stortingsvedtak så lite, at de, utan å blunke, gir blaffen i det når det finnast ei fullgod løysing i tråd med Stortinget sin vilje? Skuldar de på dei tilsette ved fødeavdelinga i Molde for dykkar neglisjering av Stortinget?

Og når vi registrerer Molde-ordførar Dahl sin reaksjon på at Helse- og omsorgskomiteen tar Stortinget sitt vedtak på alvor, er det i Molde ei oppfatning av at det er sjølvsagt at Stortinget sine vedtak skal neglisjerast når dei ikkje tener Molde og Romsdal sine interesser? Dette seier det meste om Dahl si innstilling til samarbeidet med Nordmøre! Er det rart at fogderikrigen lever i beste velgåande, når også ein einspora heiagjeng i Molde med blindemasker heller bensin på fogderibålet? Det er sanneleg ikkje til å undrast over at vi har to krigar gåande i fylket: Sjukehus og akse. 

Av: Lars Valderhaug, Tustna

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet over.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte