Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Ytring
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
13 februar 2021 11:38
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Debatten og utspela om ferjetakstar når stadig nye høgder. Ap har med sitt forslag om halverte ferjetakstar sett sinnet i kok hos FrP.

Frank Sve har på inn- og utpust forfekta at fylkeskommunen, sjølv kan sette ned takstane med 4 soner, fjerne effekten av autopassregulativet og reversere dei marginale kutta vi måtte gjere, til saman 220 mill./år. Same dag som FrP får ei særdeles dårleg meiningsmåling, fylkeskommunen legg fram eit rekneskapsresultat for 2020 på stakkars 10 mill. kroner og Sve har fått motstand mot å bruke bompengar i Ålesund til å bygge ferjekaier på Nordmøre, kjem altså utspelet om at no vil FrP på Stortinget ha halverte ferjetakstar frå neste veke og gratis ferjer frå 2025.

I desember stemte FrP mot fleire forslag om billegare ferje (50 mill. til vårt fylke) og lågare forskottsinnbetaling for autopassrabatt. I går kunne dei bruke 3 mrd. til gratis ferje.

Vi i Senterpartiet synest det er flott at Ap no vil gjere noko som monnar med ferjetakstane. Når det gjeld FrP, er vi sjølvsagt forundra over at partiet ikkje har villa gjort noko med dette før meiningsmålingane svir. Men argumentasjonen frå FrP er god, til forveksling det underteikna skreiv i det innlegget Sve til stadig viser til for å «ta» Sp for å love gratis ferje:

«Sp vil foreslå at vi også ser på å fjerne bompengane på ferjene og gje gratis ferjer til alle, og at frekvensen blir auka slik at ferje er eit reelt alternativ til fastlandssamband. Det betyr også nattferje til øyane våre og det betyr utvida opningstid morgon og kveld. Og at overskott frå oljefondet blir brukt til å utvikle og finansiere miljøkostnaden og til å finansiere opp ferjedrifta. På kort sikt betyr det ei auka finansiering til Møre og Romsdal fylkeskommune på ca. 500 mill kroner i året. Og så kjem riksvegferjer og andre fylke i tillegg. Men da har vi også laga ein god distrikts- og miljøpolitikk, fordelingspolitikk og industripolitikk. Det betyr sjølvsagt kutt i andre tiltak eller auke av skattenivået eller andre avgifter. På plussida slepp vi autopass og billettering og sparte kostnader for pendlarar og næringsliv.

Sp fremma også i 2005 forslag om gratis ferjer, men det vart ikkje noko av. Prioriteringa av distrikta vart tydelegvis for sterk for andre parti. No er tida annleis, reknestykka annleis og småbyane i Møre og Romsdal har fått bydelar som ikkje har fastlandssamband, men står for mykje av verdiskapinga. I diskusjonen om fastlandssamband kontra ferjer til evig tid, miljø- og klima, verdiskaping og rettferdig fordeling, går det sjølvsagt an å «snu på flisa» og bruke sjøvegen i staden for enda meir vegar på land, men da må ein ta inn over seg både kostnaden og ein må gjere noko med finansieringa.»

Sunnmørsposten har rett – for ferjebrukarane er det resultatet som tel. Da bør dei partia som verkeleg vil gjere noko radikalt med dette misforholdet sette seg ned og arbeide fram eit forslag som kan gjennomførast. I botnen for ei ferjereform må ein legge prinsippet om at det ikkje skal vere dyrare å ta ferje enn å køyre på vegen. For Sp er det ikkje berre takstane som er viktig, men at ferjetilbodet kan oppretthaldast og styrkast der det trengst.

Det kan vere behov for nattferje til dei største øysamfunna, det er behov for ekstra beredskap. Vi har heile tida sagt at den såkalla nasjonale ferjestandarden ikkje dekkjer behovet i vårt fylke. Den må vurderast på nytt. Så må kostnaden med nullutslepp finansierast av nasjonen Norge, ikkje av ferjebrukarane eller på kostnad av vidaregåande skule og tannhelse i fylket.

Næringslivet langs kysten og i Møre og Romsdal i særklasse, skaper store verdiar for landet, og kan ikkje ha slike konkurranseulemper som ferjene er. Vi meiner Victor Normann sitt forslag om gratis ferje til øysamfunn og andre stader med liten trafikk og lite billettinntekter er eit godt forslag. Så meiner vi takstane på høgtrafikkerte samband også må settast ned, gjerne halverast på kort sikt.

Dersom Stortinget kunne gå med på vårt forslag om forskottsinnbetaling for autopass på same nivå som bompengar, ville lokalbefolkning og lokalt næringsliv i alle fall få full nytte av rabattordningane. Poenget er at ei ferjereform må handle om meir enn utspel om lågare takstar om det skal hjelpe. Underskottet på den noverande ferjedrifta må dekkjast, betre tilbod trengst somme stader, miljøkostnaden må vere eit nasjonalt ansvar og ha ei rettferdig fordeling, og så må prisen på å ta ferje ned mot det det vil koste å køyre på vegen.

Det må også vurderast om gratis eller svært billeg ferje på høgtrafikkerte samband vil føre til så stor auke i trafikken at vi sprenger kapasiteten og må sette inn fleire ferjer. Gratis ferje på samband med lite trafikk og lite billettinntekter, der dei er heilt avhengige av ferja, bør gjennomførast allereie neste år.

For Møre og Romsdal vil gratis ferje på små samband og 20 prosent rabatt på dei andre koste 200 mill.kr. Med 50 prosent rabatt på dei større sambanda og gratis på dei små, treng vi 235 mill.kr. På toppen av dette kjem rundt 150 mill. i underfinansiering med dagens tilbod. Det vi treng, er at Stortinget tek dette seriøst, som ei reform og med ein forpliktande plan for gjennomføring. Senterpartiet stiller opp. Dette er eit viktig og nødvendig tiltak for næringsliv og busetting i distrikta.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse