Møre og Romsdal FrP har i mange år arbeidd iherdig med å kutte ferjeprisane.
Mange framlegg om reduksjon i ferjeprisane har blitt fremma, men kvar gong har dette blitt stemt ned av Ap og Sp som styrer fylkeskommunen her i fylket.
Det same har skjedd i dei andre ferjefylka.
FrP ynskjer gratis ferjer både på riks og fylkesvegane i heile landet, og dette er godt forankra i nytt partiprogram.
Derimot er det svært viktig for folk flest samt næringslivet med lavast mulig ferjetakstar NO i heile landet, i ein svært krevjandes situasjon med pågåande pandemi.
Møre og Romsdal FrP er svært fornøgd med at Stortingsgruppa fremmar i neste veke framlegg i Stortinget med halvering 50 prosent reduksjon av ferjeprisane i heile landet med umiddelbar verknad.
Med signala både Ap og Sp har gjeve sentralt må dette framlegget bli vedteke.
Møre og Romsdal FrP håpar alle parti sørger for 50% reduksjon i ferjetakstane NO, så kan resten fram til gratis ferjer bli lagt inn i statsbudsjettet for 2022.
Med 50 prosent ferjebilett og seinare gratis ferjer, vil dette ha svært stor øyeblikkelig positive verknadar for tusenvis av innbyggjarar som kvar dag er avhengig av ferjer, frå øyer og langs kysten i heile landet.
Mange brukar mange titals tusen Kr i året på ferjedrift som no skal halverast og seinare fjernast heilt.
Det same gjelder sjølvsagt næringslivet, noko som vil medføre betydelig vekst og utvikling.
Ferjebiletten er ikkje anna enn bompengar på fjordane, og FrP ynskjer dette fjerna NO.