Folk flest i Møre og Romsdal ynskjer overhode ikkje Møreaksen, men Sp ser ut til å bry seg fint lite om dette.
I kjent «hestehandlar»-stil, har Sp forsøkt å spele på fleire hestar og fram til no dobbelkummunisert i saka ang Møreaksen kontra Romsdalsaksen.
No går Sp sin andrekandidat Geir Inge Lien ut og klart og tydelig viser til årsmøtet i Sp som støttar Møreaksen, stikk imot folket sin vilje her i fylket.
Ei stemme til Sp er altså ei stemme for å bruke 25 milliard kr på Møreaksen, eit omvendt Ørskogfjell snart 400 m under Romsdalsfjorden, og E39 rett gjennom Molde.
Førige valg lurte Sp haugevis med veljarar til å tru at Sp var for Romsdalsaksen, men no har Sp verkeleg vist kva dei reelt står for.
FrP og underteikna kan klart og tydeleg love at Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer er vårt alternativet for kryssing av Romsdalsfjorden.
Det er heldigvis DU som skal bestemme om Romsdalsaksen kan realiserast, og dette kan du sikre ved Stortingsvalget til hausten ved å stemme på meg og på FrP.