Annonse
Nei til vindkraftverk på Haramsøya
Ytring
Nei til vindkraftverk på Haramsøya
28 mars 2021 15:23
Del på Facebook
Haramsøya. Foto: Kenneth Flem Slyngstad
Haramsøya. Foto: Kenneth Flem Slyngstad
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etterord frå Birgit Oline Kjerstad, tidlegare leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya.

Etter tre dagar i retten før helga er vi godt nøgde med våre advokatar sin jobb for oss. Vi meiner det er god grunn til å håpe på at vi vinn fram. Mari K Brygfjeld og Tine Larsen i DSA fekk godt fram at det er feil og manglar i denne saka. Dette gir oss eit grunngjeve håp om at vi kan vinne fram og få konsesjonen på Haramsfjellet kjent ugyldig. 

Vi fekk godt fram det urimelege i at store samfunnsøkonomiske vurderingar IKKJE ER GJORT, og at Haram Kraft ikkje har vidareformidla vesentleg informasjon som kan ha hatt betydning for vedtaket. Vi går ikkje inn i sjølve vurderingane, for det kan ikkje domstolane gå inn i, og vi tek ikkje energipolitikken til retten.  

Advokatane våre fekk godt fram forskjellen på konsesjonsvedtak og detaljplanvedtak, og at NVE og OED ikkje har fylgt dei juridiske rammene for utøving av skjønnet i denne saka. Dette er spørsmål retten etter vårt syn har fullt høve til å prøve.  

Det er store variasjonar i produksjonen frå vindkraftverk, difor er det ikkje godt nok å legge generelle vurderingar til grunn i ei konsesjonssak som medfører så store negative fylgjer for lokalsamfunn og natur som denne på Haramsøya. Vekting mellom fordeler og ulemper er nedfelt i formålet for energilova og såleis av avgjerande betydning og ikkje ein bagatell. 

 Utbygginga har stor samfunnsøkonomisk risiko. Ein folketalsnedgang og dermed sviktande nedbetaling av Nordøyvegen er ein stor indirekte risiko som kjem i tillegg til alle andre kostnader som samfunnet må bere ved ei utbygging. 

 1,7 millionar i krav om sakskostnader frå motparten er eit svært urimeleg krav. På grunnlag av det enorme arbeidet som lokalsamfunnet har lagt ned gratis i denne saka, er dette eit hån mot den vesle mann og naturen sitt rettsvern her i landet. Å sende dokumentasjon som vi har framprovosert kostar ikkje hundretusenvis av kroner. Dette var opplysningar som utbyggar skulle lagt fram på eige initiativ allereie i konsesjonsprosessen. Staten nekta å ta samla behandling og påfører oss dermed ekstra kostnader. Ei utsetjing som ikkje berre kostar, men fører til at utbygger har fått fortsette arbeide og nesten fullført tiltaket før dommen kjem

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 30 minutter siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse