Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
14 juni 2021 21:07
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvifor er det heilt greit for Sp, Ap og Høgre å bruke 25–35 milliard kr på Møreaksen, når Ålesund sjukehus ikkje får dei nødvendige 2–3 milliard kr, Volda sjukehus 1 milliard kr samt at Nordmøre får eit nødvendig føde og sjukehustilbud?

På Sunnmøre bur ca. 55 % av innbyggjarane her i fylket, men er sett aldeles på «gangen» når det gjelde renovering og utvikling av hovudsjukehuset her i fylket, Ålesund sjukehus.

Utviklingsplanen for Ålesund sjukehus er i det blå, og ein kan verkeleg begynne å lure på om agendaen til SMP, RB og klanen ikring Møreakse, er å bygge ned sjukehustjenestene mest mulig på Sunnmøre og på Nordmøre slik at også heile sjukehustjenesta havner på det nye sjukehuset i Molde etter at Møreaksen vert bygd og alle andre prosjekt blir stoppa.

Verken Sp, Høgre eller Ap legg to pinna i kors for Ålesund og Volda sjukehus, eller føde og sjukehustjenestene på Nordmøre.

Nytt sjukehus i Molde blir no bygd, og vi i FrP har støtta dette, eit nytt sjukehus som var heilt nødvendig, derimot er vi sterkt bekymra over sjukehusa i Ålesund, Volda samt tilbudet til Nordmøre.

Kva er agendaen til dette samrøret ikring Møreaksen, ligg det bak noko meir enn berre byggje ein veg som ca. 70 % av befolkninga her i fylket IKKJE vil ha?

På Nordmøre har Tidens Krav ei tydelig stemme for sin region, Romsdalen har Romsdal budstikke som har sin klare strategi ikring Molde og omegn.

Sunnmørsposten derimot, har ofte fokus på saker som direkte motarbeidar Sunnmøre, og kva strategi denne avisa har for Møreaksen, Ålesund sjukehus og alt ikring dette forstår absolutt ingen på Sunnmøre.

Sunnmøre må altså klare seg sjølv, og har heldigvis fleire dyktige lokalaviser.

Nordmøringane har felt mang eit tåre i kampen for sitt sjukehus og fødetilbud, Sunnmøringane vil gråte mykje i framtida over sitt sjukehustilbud, når dei no ser kva som er i ferd med å skje der Sunnmøre blir totalt skvisa.

«Tilbudet» som Sunnmøringane får er 3,2 milliard kr i bomring som innbyggjarane i Ålesund og omegn skal betale, E39 Blindheim–Breivika samt Veibustkrysset vert fjerna frå NTP, Breivika–Digerneset vert endra frå firefeltsveg til tofelts med midtdelar, men Sunnmøre får bomsnitt på bomsnitt frå Breivika til Sjøholt, og får luretilbudet der dei faktisk skal betale mesteparten av Møreaksen som dei ikkje skal bruke – gratulerer med tidenes «LURETILBUD» tvinga til å betale for noko folket ikkje vil ha!

Nordmøre blir også totalt skvisa, ein Nasjonal transportplan totalt utan verken byutviklingsprosjekt i Kristiansund eller rv. 70.

Derimot får Nordmøringane ei gedigen rekning med bompengar frå Lønset–Hjelset vidare gjennom bomring Molde, Møreaksen og ein hjelpeslaus omveg på E39 som Nordmøre slett ikkje har bedt om.

Mange hundre kroner ein veg må Nordmøringane betale for Møreaksen, når alternativet heller er billigare og muligens gratis ferjer, eller ein mykje billigare og meir fornuftig Romsdalsakse.

Nordmøre gråter, etter å ha mista sine føde og sjukehustilbud, og måten Sp, Ap og Høgre støtter Nordmøre, er enda ein gong å snu ryggen til denne delen av fylket.

13. september kan DU gjere noko med dette, og sørge for at også Nordmøre og Sunnmøre får sin rettmessige del av tjenestetilbudet her i fylket, og at «luretilbudet» Møreaksen aldri blir realisert.

Stem FrP den 13. september, og du får Stortingsrepresentantar som faktisk ser heile fylket.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 4 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 9 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 10 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 13 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 13 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse