Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP
Ytring
Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP
02 juli 2021 14:26
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto: Steinar Melby / KSU.NO
Illustrasjonsfoto: Steinar Melby / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Når Ap ved Kjølmoen presterar å reise rundt på ferjekaiene i fylket med plakat om halvering av ferjeprisane, har dei brått gløymt at Ap og Sp sendte ferjeprisane til himmels her i fylket, gjekk med 313 mill kr i overskot, og stemte imot FrP sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane.

Skam deg Kjølmoen, så lågt trudde eg ikke du kunne gå.

Når Sylvi Listhaug og FrP no fekk forhandla inn i revidert statsbudsjettet med regjeringa eit REELT kutt på 25% i alle ferjeprisane i heile landet gjeldende frå 1/7, så burde Ap og Kjølmoen og co halde seg milevis vekk frå ferjekaiene her i fylket.

Makan til frekkheit «ferjepolitisk wonderboy». Det einaste «wonderboyen» klarer å prestere i praksis, var å auke ferjeprisane til himmels her i fylket, få eit massivt ferjeopprør midt i fleisen, og bli tvinga i kne av sine eigne til å reversere ferjeprisaukane som fylkesvaraordfører.

Kvifor stemte Ap imot FrP sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane ?

Ap og Sp seier ein ting, gjer stikk motsatt i praksis. 

Eg og FrP meiner folk må måle politikarane på det dei gjer i praksis, ikke det dei «skriv på èin plakat» i valgkampen.

FrP har senka ferjeprisane ilag med regjeringa med 25% , og vil fortsette vårt arbeid for reelle lavere ferjeprisar.

Så får berre Ap og Kjølmoen fortsette med å dilte etter FrP, Sylvi og meg, og forsøke å skåre billige politiske smular når FrP driv politikk i praksis, og faktisk kuttar ferjeprisane med 25%.

Rederligheit i politikken er viktig, då burde Ap her i fylket holde seg for gode til slik greinaløyse, som å faktisk forsøke å ta æra av noko dei ikke har påverka i praksis med eit komma.

FrP og underteikna har fremma utallige framlegg i fylkestinget om reduserte ferjetakstar, medan Ap og Kjølmoen stemmer imot kvar gong. 

Ap og Sp vil heller bruke pengane på Opera, bypakker og velte milliarder av kr i bompengar over til innbyggjarane og næringslivet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKva kullkasting?
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrKullkasting av planer og utsettelser er kostbart. Det må regjeringen ta på sin kappe. 
Geir Ole Sætremyr 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHan nevner Tautratunellen og minner på at det kan ta tid. Derfor bør Reknes reserveres. Det ha Molde skusla bort. 
Terje Sundsbø 21 timer siden Demokratiets veivalg
Terje Sundsbø 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg leste oppslaget fra 2009, før Fergefri E39 ble lansert. Reknes er for lengst ute av bildet. Den som ikke ...
Geir Ole Sætremyr 23 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøFrå folk på utgåande kontrakt.Bru over Julsundet hastar ikkje, men veg mellom Julbøen og Fuglset hastar.  Kaffeslabberas i formannskapssalen.https://midsundingen.no/nyhende/vi-gir-oss-ikkje-for-moreaksen-er-bygd/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR05-c6vIQLvzJlQXnbLG648T_Ym15RpaisIh90MTlkunDSZBjsEXM3HTKY_aem_XCC4VdLAnflK00jIx7a3lg
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse