Før siste valg var Sp og Klinge garantisten for Romsdalsaksen, nokre veker etter snudde dei tvert om og støtta sterkt Møreaksen.
Slikt er å føre innbyggjarane bak lyset!
Før siste valg var Sp og Klinge garantisten for distriktskulane, få veker etter valget la Sp ned den vidaregåande skulen i Vanylven, kutta 35 mill kr innanfor vidaregåande skular, klaga på sveltefora fylkeskommunar, og gjekk samtidig med 313,5 mill kr i overskot i fylket.
Sp seier ein ting, gjer stikk motsatt!
Er det mulig å framføre frå Sp og Klinge meir greinalause påstandar om at FrP heva ferjeprisane?
ALLE som har fulgt med, veit at Sp, Ap og Høgre auka ferjeprisane til himmels her i fylket, på 20 av 24 ferjestrekninger som Sp og co faktisk har ansvaret for.
FrP derimot, tvinga regjeringa til å sette NED ferjeprisane med 25 prosent, etter at Sp, Ap og regjeringa stemte imot FrP sitt framlegg om gratis ferjer.
Igjen, seier Sp ein ting, og gjer stikk motsatt i praksis.
Når Sp og Klinge direkte fører folket bak lyset ang Møreaksen, er eg rimeleg sikker på at innbyggjarane ikkje finn seg i dette den 13 september.
STOPP Møreaksen!