Høgre, Sp og Ap vil heller bruke 25-35 milliard kr på Møreaksen som få vil ha, medan Ålesund, Volda og Kristiansund sjukehus blir nedprioritert.
Helge Orten og Høgre presterer å snakke om at pengane forsvinn ut av fylket eller sjukehusa blir nedprioritert dersom Orten og Høgre ikkje får vilja si, gløymd vart det at dersom Møreaksen vert realisert blir det ikkje ei krone til resten av fylket verken til sjukehus, skule eller vegprosjekt i mange tiår framover.
Det er no verkeleg på tide at alle i fylket krev at utviklingsprograma for Ålesund og Volda sjukehus blir realisert, samt at Kristiansund får beholde fullverdig fødetilbod slik Stortinget har vedteke.
Den største trusselen for at prosjekt her i fylket blir utsatt og kutta, er Orten og Høgre, Sp og Ap sin meiningslause prioritering av Møreaksen som meir enn 75 prosent av innbyggjarane her i fylket IKKJE vil ha.
Men sjølvsagt, desse personane i Høgre, Sp og Ap veit best og innbyggjarane bryr dei seg fint lite om!
FrP krev at dei viktigaste prosjekta blir prioritert.
Nytt sjukehus i Molde er oppstarta, då er det sjukehusa i Ålesund, Volda og Kristiansund som skal prioriterast.
Stopp Møreaksen, prioriter i staden Ålesund, Volda og Kristiansund sjukehus!
Stem FrP.