Annonse
KSU – Vipps – desktop
Dordi Boksasp Lerum, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterungdom
Ytring
Dordi Boksasp Lerum, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterungdom
14 august 2021 10:07
Del på Facebook
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Møre og Romsdal er ferjene ein naturleg del av infrastrukturen vår. Anten ein bur på ei øy utan andre alternativ enn ferje for å komme seg til fastlandet, har jobben på andre sida av ein fjord, eller ein skal køyre frå Nordmøre til Sunnmøre.

Sjølv kjem eg frå Kanestraum, og her er fakta at dersom vi skal nordover i landet, så lyt vi ta ferje.

Senterpartiet har lenge arbeida for gratis ferje. I 2005 jobba tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete med å få til prøveprosjekt med gratis ferje, noko som den gong vart stemt ned av Arbeidarpartiet i regjering. I Senterpartiet sitt stortingsprogram for 2021 til 2025 står det:

Innføra ei ordning med gratis ferje og hurtigbåt for samfunn utan vegsamband til fastlandet og vurdera å gjera alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis.

Halvera ferje- og hurtigbåtprisane, etter eit botnfrådrag, for alle ferjesamband med 100 000 eller fleire passasjerar årleg.

Innføra ein årleg nasjonal maksimalpris for pendlarar som er avhengige av ferje- og hurtigbåttilbodet.

Ferjer og ferjepolitikk har denne valkampen vorte til ein konkurranse; Kven vil gå lengst? Det er positivt at fleire parti endeleg har innsett kor viktig ferjene våre er, og at vi blir råka uforholdsmessig hardt i distrikta.

Likevel, kven kan du som veljar stole på, og kven bør gi di stemme til? Parti som Frp og Arbeidarpartiet som som brukar ferje som populistisk valflesk? Eller Senterpartiet som i nesten 20 år har arbeida for gratis ferjer?

Mi stemme går iallfall til eit trygt og truverdig Senterparti som ser heile landet og som har jobba for fleire avgangar og gratis billettar på ferjene våre lenge.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr Nylig Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 23 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse