Korleis klarar Sp, Ap og Høgre å støtte Møreaksen, som i realiteten er å gå imot folket.
Snart 75–80 % av innbyggjarane her i fylket vil ikkje ha Møreaksen, dei vil heller ha fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen.
Fjusk og fanteri ser det ut til har vore sterkt gjeldande i prosessen ikring Møreaksen, og korleis Klinge, Kjølmoen og Orten berre kan stille seg bak dette prosjektet er for meg ei stor gåte.
I debatten i Ørskog sist laurdag, var spesielt Jenny Klinge og Sp mest klare på at Møreaksen SKAL byggjast, sa ho – tydeleg irritert på meg og FrP som snakka folkets sak og der vi ynskjer fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen over Romsdalsfjorden.
Eg trudde Stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal, skulle vere ombuds menn og kvinner, snakke folkets sak og arbeide på vegner av folket?
Men neida, Sp, Ap og Høgre bryr seg fint lite om innbyggjarane i Møreaksen saka, og har vist tenkt å fortsette å gjere stikk imot det innbyggjarane her i fylket ynskjer.
Eg ser på meg sjølv som ombudsmann for innbyggjarane her i fylket, og vel å lytte til eit gedigent fleirtal som klart og tydeleg seier, NEI TIL MØREAKSEN!
Stopp Møreaksen. Stem FrP!