Når Kjølmoen og resten av raudingane som har ansvaret for 20 av 24 ferjestrekningar her i fylket, auka ferjeprisane i Møre og Romsdal til himmels, blir det rett og slett tåpelig å hevde at FrP har ansvaret for ferjeprisane.
Og Per Vidar, dette kan du jaggu betre!
Å legge fram ei oversikt over auken på riksvegferjene som i kvart eit einaste år du viser til, er justert med deflator med løns og prisstigning, så beviser du at anten har du rett og slett ikkje forstått korleis statsbudsjett fungerer, eller, så gjer du slikt berre for å forlede og forsøke å lure folk.
Derimot veit alle no at Ap og co. auka ferjetakstane med fleire takstsoner, innførte autopass som førte til eit prishopp på 32 %, for så å bli pressa av ferjeopprøret til å setje prisane ned igjen.
Dette er fakta her i fylket ang. ferjeprisar.
No kan Kjølmoen heller begynne å vise kva Ap klarer å få igjennom i si eiga regjering ang ferjeprisar, og då er det absolutt ingen som bryr seg om «snøen som fall i fjor»
På inn og utpust har Kjølmoen og Ap lova halvering av ferjeprisane i forhold til dagens nivå, no får vi sjå neste veke om Kjølmoen og Ap er til å stole på.
Vi, folk flest og næringslivet følger med!