Annonse
Kristin Sørheim, fylkesutvalgsmedlem Senterpartiet
Ytring
Kristin Sørheim, fylkesutvalgsmedlem Senterpartiet
29 januar 2022 17:29
Del på Facebook
Foto: Wiik, Eirill / NTB
Foto: Wiik, Eirill / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Utsikt minus innsikt gir tilnærmet blindhet fra toppen av pyramiden.» Halvdan Sivertsen.

Denne reforma hadde mange gode tankar i seg, men den vart aldri gjennomført. Bjarne Håkon Hansen (Ap) lova 2200 nye fastlegar, det vart ikkje følgt opp. Kommunane trong også fleire sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og anna helsepersonell. Det vart ikkje følgt opp. Svaret frå Stoltenbergregjeringa var å gje investeringstilskott til nokre få fleire sjukeheimsplassar. Men det har aldri vore investeringane i den kommunale helse- og omsorgstenestene som har vore det store problemet, men drifta av tenestene.

Primærhelsetenesta løyser 70 % av pasientane sine behov, for 4 % av det nasjonale helsebudsjettet. Fastlegeordninga er i ferd med å bryte saman. Over tid er det gjort vedtak og gjennomført politikk som har svekka rekrutteringa av legar og sjukepleiarar som vil arbeide i lokalsjukehus og primærhelsetenesta. Sentraliseringa av utdanningstilboda og finansiering av utdanninga har gitt dårlegare dekning i distrikta. Under dekke av at det må vere store fagmiljø for å gje god nok utdanning. Desentralisert utdanning gjev sjukepleiarar og legar der dei trengst. Rekruttering av fastlegar og allmennlegar gjer vi best ved at ein viktig del av utdanninga går føre seg der dei skal arbeide i framtida. Spesialisthelsetenesta- og særleg universitetssjukehusa – får dekt kostnader til forsking og til å vegleie studentar. Fastlegar og kommunar må dekkje slike kostnader sjølv. På denne måten har vi innretta oss slik at størst fokus og mest pengar og mest makt blir bygd på toppen av helsepyramiden, medan grunnmuren raknar.

Større del av utdanninga må ut til der pasientane er – til lokalsjukehusa og primærhelsetenesta. Det er ein bra start at NTNU startar legeutdanning i Ålesund, men vi må ha meir av dette. Vi må auke talet på desentraliserte studieplassar for sjukepleiarar og anna helsepersonell. Fylkeskommunen må auke tilbodet på vidaregåande opplæring i helse- og omsorg, og ikkje minst, motivere ungdom til å søke seg dit.

Helseminister Bjarne Håkon Hansen (AP) stod bak samhandlingsreforma. Spesialisthelsetenesta er styrt direkte frå Helsedepartementet og får statsrådane si merksemd. Kommunehelsetenesta er fragmentert styrt frå ulike departement og direktorat, men Kommunaldepartementet har hovudansvaret for økonomien som gjer kommunane i stand til å fylle oppgåvene sine. Liv Signe Navarsete (Sp) var kommunalminister under gjennomføringa av samhandlingsreforma. Eg har enda liggande eit brev eg skreiv om behovet, sett frå lokal ståstad, og at no måtte intensjonane oppfyllast. Det var folk og fagleg kompetanse, ikkje rom vi mangla. Stoltenbergregjeringa greidde ikkje å oppfylle reforma sine intensjonar, og det har heller ikkje Solbergregjeringa gjort.

No forventar vi på grasrota at AP/SP-regjeringa og SV vil bidra til at vi får ei kraftfull satsing både på fastlegeordninga og kommunehelsetenesta seinast i neste års statsbudsjett. Gjennom koronapandemien har vi sett verdien av fagleg sterk og ansvarsfull desentralisert helseteneste. Både fastlegar, kommunelegar og alle andre helsearbeidarar i kommunane har snudd seg rundt og løyst alle tenkelege og utenkelege utfordringar i snart to år. I kjølvatnet av pandemien har mange andre oppgåver sikkert vorte nedprioritert. Det er mange der ute som ikkje har fått den oppfølginga og behandlinga dei burde hatt, både for fysiske og psykiske sjukdommar. Og det er gjerne dei som ikkje har nokon som står opp for seg og som får løyst sine problem gjennom mediaoppslag.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 11 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 13 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 15 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse