Dei skyhøge drivstoffprisane truer ei heil transportnæring i heile landet.
Næringa tapar store pengar kvar dag, og mange har langtidskontrakter med sine kundar som ikkje kan endrast.
På torsdag fremma FrP forslag om kutt av avgifter for drivstoff med 8 og 7 kr literen, og krevde hastebehandling for å kunne få umiddelbar effekt. Dette stemte Sp, Ap og SV ned, og dei vil berre «vente og sjå og følgje med»
Meir tafatt gjeng skal en leite lenge etter, og Finansminister Vedum ofrar ei heil transportnæring i heile landet med bakgrunn i sin eigen handlingslammelse.
Dette seier Frank Sve, 1 nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget, som fryktar at mange innan transportnæringa i nær framtid går konkurs.
Fleire fra Sp blant annet Geir Inge Lien i Transportkomiteen og Lundteigen har tatt til orde for å kutte drivstoffavgifter straks.
Dette viser seg no å berre vere en utidig dobbelkommunikasjon uten reelt innhold, mest for å føre innbyggjarane og næringslivet bak lyset.
Vedum og Sp må ta ansvaret for at arbeidsplassar kan gå tapt og at ei heil transportnæring blir ofra med bakgrunn i regjeringa si totale handlingslammelse.