Når senterungdommen Dordi Boksasp Lerum lirer av seg kritikk mot andre sin landbrukspolitikk, er det verkeleg fare på ferde for norsk landbruk. Dette er eit tilsvar til Dordi Boksasp Lerum si ytring i KSU.NO den 26. april 2022.
Frp vil legge ned norsk landbruk
Midt i ein situasjon der Vedum, SP sin partileiar og finansminister køyrer norsk landbruk og næringslivet rett utfor stupet, blir tusenvis av dyr blir sendt til slakt og mange gjev berre opp pga SP sin greinalause politikk.
Skyhøge drivstoffprisar, skyhøge straumprisar, skattar og avgifter aukar og ei handlingslamma regjering som berre set og ser på.
Men, Dordi presterar å skulde på andre! Dette er frekkheitas nådegave, når det faktisk er landbruksnæringa som er ei av næringane som hardast får merke effekten av SP i praksis her i landet.
SP håvar inn i statskassa over 1 000 milliard kroner ekstra i skyhøge olje- og gassinntekter, titals på titals milliardar kroner på skyhøge straumprisar, men berre set og ser på at landbruksnæringa knekker ryggen.
Aldri før har vårt land opplevd ei meir handlingslamma regjering enn SP– og AP–regjeringa.
Eg har berre eit råd til Dordi Lerum, begynn å leite etter din eigen partileiar Vedum og finansminister, for absolutt ingen har sett han eller veit kva han driver med.
Av: Frank Sve
1 nestleiar i Transportkomiteen
Stortingsrepresentant for FrP.