Når regjeringa no skal nedeskalere, kutte, og revurdere store vegprosjekt, er Møreaksen definitivt natta og historie.
Dei økonomiske fakta ikring dette prosjektet talar for seg sjølv, og prosjektet fell på steingrunn og ryk rett ut på grunn av dei ekstreme prisaukane for slike prosjektet.
Sjølv ikkje dei panisk kreative personane i Møreaksen klanen, klarer å gjere noko med at 24 milliard kr i fjor, blir nok sikkert bortimot til det doble i år.
Det blir heilt sikkert både bøker og store nasjonale oppslag om sløseriet som gjekk føre seg i milliardprosjekter til 2300 bilar i døgnet.
Korleis nokon kunne finne på å planlegge eit så greinalaust prosjekt, med skattebetalarane sine pengar?
Historien vil bli skrevet om prosjektet Møreaksen som urettvis forbrukt planleggingsresursane som E136 eksportvegen skulle ha hatt. Eksportvegen som måtte vente over 30 år for nokre få milliard kr, medan Møreaksen «sneik i køa».
Historien vil bli skrevet om prosjektet folket i Møre og Romsdal slett ikkje ville ha, og om korleis alle andre «gryteklare» prosjekt i fylket vart utsatt på grunn av Møreaksen.
Folkets dom over Møreaksen har vore klokkeklar lenge, no står det igjen å rette blikket mot realistiske vegprosjekt her i fylket. Bygg E136 Eksportvegen Ålesund til Bjorli.
No er det vanlige folk og næringslivet sin tur, til å få vegen alle har behovet for!