Annonse
Annonse
Del på Facebook
Helseminister Ingvild Kjerkol bes av Senterpartiet i Møre og Romsdal om å komme på banen med en plan som gjør at Helse Møre og Romsdal kan sikre forsvarlig og stabil bemanning av fødeavdelingen i Kristiansund. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Helseminister Ingvild Kjerkol bes av Senterpartiet i Møre og Romsdal om å komme på banen med en plan som gjør at Helse Møre og Romsdal kan sikre forsvarlig og stabil bemanning av fødeavdelingen i Kristiansund. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på å halde ope. Det er løyvd 25 millionar kroner for å opne avdelinga igjen gjennom rekruttering for å sikre ei stabil og fagleg forsvarleg bemanning.

Senterpartiet og partileiar Trygve Slagsvold Vedum er tydelege, og Vedum gjentok bodskapen seinast 24.juni i Kristiansund, at føden ikkje skal bli stengt så lenge Senterpartiet sit i regjering.

Helse Møre og Romsdal har ikkje greidd å løyse denne oppgåva som Stortinget har vedteke. Sjefen for sjukehuset i Kristiansund og i Molde seier dei har strekt seg langt for å få til ei opning utan å lykkast og han ser ikkje lyst på framtida for fødeavdelinga.

Ei stabil og fagleg forsvarleg bemanning er naudsynt for å sikre eit trygt fødetilbod, så når helseføretaket no vurderer det slik at ein ikkje kan halde ope, så må dei likevel sørge for at det skal vere trygt å føde på Nordmøre, gjennom mellom anna følgjetenesta. Det skal vere forsvarleg, men det gjer ikkje at helse- og omsorgsministeren kan sjå bort frå eit stortingsvedtak om at fødeavdelinga i Kristiansund skal vere open.

Det er mangel på sjukepleiarar, jordmødrer, gynekologar og legespesialistar i heile landet, så dette er eit problem for fleire enn fødeavdelinga i Kristiansund.

Når heller ikkje denne regjeringa vil ta grep for å endre styringa av helseføretaka, er helse- og omsorgsministeren den politisk ansvarlege for å gjennomføre stortingsvedtaket.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Senterpartiet i Møre og Romsdal ber helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol, kome på banen med ein plan som gjer at Helse Møre og Romsdal kan sikre forsvarleg og stabil bemanning av fødeavdelinga i Kristiansund slik at den kan opnast og haldast open framover.

Helse- og omsorgsministeren må i tillegg komme opp med ein tydeleg plan for korleis ho vil legge til rette for at desse yrka blir attraktive i framtida slik vi kan få ei sikker og stabil bemanning både på sjukehusa, i følgjetenestene og i kommunane. Det som no skjer i Kristiansund vil fort bli like akutt ved andre fødeavdelingar og sjukehus i landet.

Dersom ministeren ikkje kjem på banen umiddelbart for å sikre fødeavdelinga i Kristiansund, vil våre stortingsrepresentantar følgje opp saka så snart Stortinget igjen opnar.

Fylkesstyret 2022 2023 senterpartiet MR

På vegne av Møre og Romsdal Senterparti sitt fylkesstyre,
Marit Nerås Krogsæter, fylkesleiar

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Bjørn Arild Reed Jacobsen 5 timer siden Kunnskapsløse Frank Sve slår til igjen
Å legge seg ut med Rasmussen er ingen enkel oppgave. Der folk synser, tror og påstår uverifiserte "sannheter" møter RR ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Hjelset nærmest for store deler av Nordmøre
Når det gjelder selve reisetidene, kan det være greit å benytte relevante målepunkt. Jeg har brukt disse punktene:Hjelset: https://goo.gl/maps/r9DxyE6dAyRWc4Pu6Kristiansund: https://goo.gl/maps/2oE9cz1jA3vn1QEM8Jeg ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Hjelset nærmest for store deler av Nordmøre
En oppklaring om nærhet. Hvilket sykehus vil en ambulansesjåfør velge: det som er nærmest i antall kilometer, eller det som ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Kunnskapsløse Frank Sve slår til igjen
Siden Frank Sve mener at Romsdalsaksen er et risikofritt alternativ, så må han ha full tillit til de som har ...
Terje Sundsbø 18 timer siden Hjelset nærmest for store deler av Nordmøre
Om noen savner et lite historisk tilbakeblikk, så kan dette være noe: https://www.tk.no/kritiske-sporsmal-til-ordforer-kjell-neergaard/o/5-51-940257
jon ingar eik 1 dager siden Møreaksen og tillit
SVV har angående lojal, er kun det til seg selv, og sine kameraderi kammerater lokalt, ansvar til jordskjelv, sikkerhet, og ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte