Annonse
KSU – Vipps – desktop
Lars Dahle, Rødt Molde
Ytring
Lars Dahle, Rødt Molde
14 august 2022 08:03
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto med et utsnitt av vindindustrianlegget på Hitra i Trøndelag. Foto: Steinar Melby / KSU.NO
Illustrasjonsfoto med et utsnitt av vindindustrianlegget på Hitra i Trøndelag. Foto: Steinar Melby / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei fleste har vel fått med seg at Europa treng ny «rein» energi. Det er det RePowerEU som skal legge føringar for.

Vi har ei klimakrise, ei miljø- og naturmangfaldskrise, ei energikrise og i tillegg ein krig i Europa som gjer Norge endå meir ettertrakta både på olje, gass og hydroelektrisitet. Belønninga for denne eksporten er at vi importerer same energipris som i Europa generelt og ein prisdifferanse innanlands som kan variere frå nokre øre til 4-5 kroner per kWh.

Annonse
Annonse

Her er ikkje spor av «planøkonomi», marknaden har fritt spelerom og løysinga på problemet er full utbygging av vindkraft på land og hav og meir utbygging av ny og freda vasskraft.

Norge har bygd utanlandskablar som i sum kan eksportere omlag halvparten av norsk el-produksjon men avgrensinga som ligg i overføringskapasiteten innanlands har dei ikkje tenkt på.

Eit viktig argument var at vi gjennom kablane kunne skaffe oss tørrårssikring og sleppe å bygge ut så mykje vasskraft.

No er det tørt på heile aust og sør-vestlandt, magasina er nesten tomme, krafta er eksportert dit den har gitt best forteneste slik den sjølsagt skal etter EØS og ACER-avtalen som det politiske flertallet har slutta seg til.

Overføringskapasiteten mellom Nord- og Sør-Norge tek svenskene seg av. Dei kjøper billig kraft i Nord-norge og eksporterer den på sitt linjenett til Sør-norge og Europa med god forteneste.

Vann - det rene under….

I all iveren etter ny kraft har ein visstnok glømt den mest nærliggande og billegaste tilgangen på ny energi som ligg i oppgradering av eksisterande vasskraftsystem. NTNU gjorde ein grundig studie av dei siste 20 fornyingsprosjekta på store norske kraftverk og konklusjonen var at her kan vi hente ut 20-30 TWh utan nemnande fotavtrykk på naturen. Like mykje som målet er for vindkrafta som krev store naturinngrep. Vasskrafta har ein overlegen verkningsgrad på 98% medan vindkrafta ligg på berre 20%.

Kvifor går vi over bekken etter vatn, eller ut i havet for å hente ustabil straum når vi har dei grøne batteria i vassmagasina våre.

Energisparing har eit potensial på 10-20%. Det er i denne enden ein bør starte det grøne skiftet.

Norge - ein del av EUs energiunion.

Må berre minne om eit par av dei «ufråvikelege» krava som AP stilte til ACER- avtalen:

»Det skal være nasjonal og samfunnsmessig kontroll over vannkraftressursene» og

»Norske myndigheter skal ha selvstendig kontroll over alle avgjørelser med betydning for energisikkerheten i Norge…«

Høgre og dei andre marknadspartia var sjølsagt samde i alle dei 8 krava fra AP, men EU - den viktigaste avtalepartnaren- vart ikkje spurt.

Norge har slutta seg til EØS og Den Europeiske Energiunionen (ACER) og då er det den avtaleteksten som gjeld, ikkje det som måtte stå i ein avtale mellom norske parti.

No er det nye endringar i EU-direktiv på trappene. Dei skal bane vegen for ny vasskraftutbygging og vindkraft både på land og sjø. Det gjeld direktiva om Fornybar energi, Energieffektivisering og Bygningsenergi. Høyringsfristen er sett til 22.08.2022.

Ingen ting av dette er skrive på norsk, noko som i seg sjøl er ekskluderande og mangel på demokrati. Avtalen gjer det og mogleg å overskrive det norske lovverket. Konsekvensar for miljø og natur blir alvorlig og ukontrollert.

Forslaga i RE-Power EU

Når det gjelder vindkraft så medfører dette ei dramatisk utvidinge av sentrale styresmakter sin tilgang til å tildele konsesjoner sett i høve til tidligare praksis. Ikke minst at konsesjonar i "go-to-areas" skal kunne gjevast uten spesifikke konsekvensutgreiingar. Utpeiking av slike område kan ein finne på databasar som EU har laga for raskast mogleg installasjon av vind og solenergi.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Eit klårt signal frå regjeringa er det at Fosen Vindpark ikke skal rivast sjøl om Høgsterett har dømt vindkraftkonsesjonane ulovleg etter folkeretten. Korleis Norge skal fremstå med truverde når det gjeld kampen mot øydelegging av regnskogen kan jo bli eit problem?

Forslagene i RePowerEU er på direkte kollisjonskurs med Stortingets klare vedtak om at lokale styresmakter - og dermed lokalbefolkningen - skal få større kontroll med fremtidige konsesjons-prosessar.

Forhasta beslutningar kan føre til katastrofale konsekvensar

Nok ein gong har FN sitt naturpanel åtvara mot å ta avgjerder berre ut frå naturen sin marknadsverdi. Dei har tidligare gitt ut rapporten om at tap av natur er like alvorleg som klimakrisa. No seier dei: «Dominerande fokus på kortsiktig profitt og økonomisk vekst ekskluderer ofte omsynet til naturverdiar i politiske beslutningar. Økonomiske og politiske beslutningar har som hovudregel prioritert visse naturverdiar, særleg marknadsbaserte instrumentelle naturverdiar, slike som er knyttet til energibruk, materialar og mat som vert produsert intensivt.»

Barnet ut med badevatnet i det grøne skiftet sitt namn?

Vi er alle alarmerte og sjokkerte over plastmengda i havet, mikro og nanoplast som går inn i næringskjeda både på land og sjø. Det er no registrert at desse plastpartiklane har funne vegen inn i våre blodårer. Ingen veit konsekvensane for folkehelsa.

Vi satsar milliardar for å rydde opp og fange plast i havet, men mikropartiklane kan vi ikkje fange. Tvert om satsar vi nå milliardar på å spreie farlege stoff som mikroplast og Bisfenol A som slites av frå vindmøllevengane med særs alvorlege miljøkonsekvensar. Planteplankton som får i seg og blir forureina av plast kan potensielt vera ein større faktor for auke i CO2 enn andre faktorar.

Dette er ikkje vurdert i klimaforskninga. Bisfenol A (BPA) er mellom dei mest problematiske stoffa vi står ovanfor. I tillegg til ei lang rekkje negative helseskader er den kanskje mest kjend som ein hormonforstyrrar som øydelegg forplantninga. Ikkje berre hos oss menneske, men etterkvart som mengdene auker i miljøet, også for alle andre organismar. Det kom nett ein alarmerende rapport om sterkt svekka fertilitet utan å nemne årsak, men Bisfenol A er ein hormonhermar som EU åtvarar mot i alle kremar og hårstylingsprodukt!

No vert mikroplast og Bisfenol A spreidd i industriell målestokk både på land og i havet i det grøne skiftet sitt namn.

Når EFSA (det europeiske organet for mattryggleik.) har gitt råd om å senke grenseverdien for Bisfenol A, 100 000 gongar, så er det ei særskilt kraftig åtvaring.

Jorden vi arvet – korleis har Norge førebudd seg?

Det er bygd opp eit solid lovverk for å ta vare på miljøet i Norge. Grunntanken er basert på føre-var-prinsippet. Det er bra. Vi har til om med eit Klima og Miljødepartement som sikkert vil kommentere korleis norsk miljølovgjeving må harmoniserast til forslaga i RePowerEU?

Miljøinformasjonslova

Formålet med lova er at den skal sikre tilgangen til miljøinformasjon frå offentlege organ slik at allmenta er i stand til verne seg sjøl mot helse og miljøskade og påverke beslutningstakarane i miljøspørsmål. Miljø omfatter og kulturminne og kulturmiljø. Allmenta skal alltid få miljøinformasjon om helseskadeleg forureining som kan forårsake skade på miljøet.

Miljøparagraf §112 i Grunnlova

«Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mengfold bevares…..»

Plenum i Høgsterett ga i november 2020 uttale i samband med klimasøksmålet til Greenpeace og Natur og ungdom: « Når stortinget har vedtatt lover og tiltak for å håndtere miljøproblemer mener Høyesterett at Grunnlovens § 112 fungerer som en sikkerhetsventil i situasjoner hvor Stortinget grovt tilsidesetter sin plikt til å beskytte miljøet»

Plan og bygningslova (PBL)

Denne set krav til ei arealplan før ei reguleringsplan kan iverksettast. Det skal lagast ei konsekvensutgreiing med særskilt vurdering og beskriving av verknader for miljø og samfunn.

Det er kommunestyret sjøl som er Plan og bygningsmyndigheit innan loven sine rammer. Det kan ikkje staten overprøve – det gjeld og for vindmøller.

Grunnlova og Århuskonvensjonen

Vert dette implementert i det norske lovverket så vil både lokaldemokrati og det norske lovverket bli overkøyrd. Konsekvensane for miljø og natur vert alvorlege og ukontrollerte. Norge er forplikta på Grunnlova, og både EU og Norge er forplikta på Århuskonvensjonen som krev tilgang på miljøinformasjon, allmenn deltaking i avgjerdprosessar og tilgang til rettshjelp i saker som gjeld miljøet.

Grunnlaget er der for å bruke § 112 mot vindmøller og mikroplast, Bisfenol A, gearolje, støy og landskapsnedbygging som er lite i samsvar med miljøomsyn og helse.

Vi står andsynes den viktigaste miljøkampen andsynes prinsippa og konsekvensane i det grøne skiftet.

Av: Lars Dahle, Rødt Molde

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 11 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 13 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 15 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse