Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
14 november 2022 09:47
Del på Facebook
Foto: Løken / Wikimedia Commons
Foto: Løken / Wikimedia Commons
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Har det no klikka fullstendig for fylkeshuset på Molde, når det fylkeskommunen bedriver tida si med er målet om tilbakeføres av samfunnet til steinalderen?

Midt i den største næringspolitiske krisa landet har sett, arbeidsplassar forsvinner og næringslivet sliter, har altså fylkesrådmannen fokuset på å hindre utvikling av fylket.

Annonse
Annonse

Enda ein vanvittig klima og miljøplan har fylkesbyråkratane brukt tusenvis av timar på, for å kome fram til noko så inn i hampen greinalaust som arealnøytralitet.

Arealnøytralitet, smak på ordet.

Det skal altså stillast enda fleire kjeppar i hjula for dei som ynskjer å utvikle næringslivet, bygge industri på land og til vanns, eller nødvendig infrastruktur.

Dersom fylkesrådmannen og fylkesadministrasjonen har så god tid at dei kan holde på med slikt fjas, beviser dei at vi burde få fylkeshusnøytralitet, dvs. leggje ned heile fylkeskommunen istaden.

Fylkeskommunen er totalt utgått på dato. I sak etter sak dei siste tiåra har vi som politikarar her i fylket måtte kjempe IMOT byråkratiet på Molde.

Kva positiv sak for næringslivet, folket eller heilt nødvendig infrastruktur har fylkesrådmannen på Molde vore pådrivar for?

Stort sett null og nada!

Vi har dei siste åra fått høyre at fylkeskommunen sin økonomi er på dunken, vi skulle i 2022/23 ha ca. 460 mill kr i negative fond, resultatet pr. i dag er 760 mill kr på bok, det fantastisk fylkeshuset på Molde bomma med meir enn ein milliard.

I 2021 var prognose for årsresultatet slik framlagt til fylkestinget frå fylkesrådmannen:

  • Juni mnd: ca. 12 mill kr i overskot
  • Oktober mnd: ca. 44 mill kr i overskot
  • Desember mnd: ca. 200 mill kr i overskot
  • resultat i januar: 392 mill kr i overskot

Hadde slik greinaløyse blitt akseptert i ei privat bedrift?

Annonse
Annonse

Til dømes vidaregåande skular, framtida vår, ungdommen vår, har kvart år blitt urettvis kutta med mange titals million kr.

Kutta med bakgrunn i ein bløff og totalt null økonomisk kontroll frå fylkesrådmannen.

Dei vidaregåande skulane til dømes burde fått fleire lærarstillingar og fleire linjevalg, auka ressursar istaden for store kutt.

Kanskje fylkesadministrasjonen heller burde brukt tida si på tiltak for å motvirke den greinalause regjeringa med SP og AP som vi har for tida, og sørge for tiltak for å værne næringslivet og arbeidsplassane til vanlige folk.

Vi kan ikkje holde på slik i næringsfylket nr1 Møre og Romsdal, der ein bevist planlegg problem for alt av nødvendig infrastrukturbygging i framtida.

Arealnøytralitet må faktisk være noko av de dummeste eg har høyrt som har kome frå fylkeshuset på Molde, kven har prestert å kome på noko slikt?

Dette makkverket av ein miljø og klimaplan bør skrotes langt ned i ei skuff, og ikkje ein einaste administrative time til skal brukast på slikt næringsfiendtlig planverk.

Målet til fylkesrådmannen om «AREALNØYTRALITET» burde være tidenes søknad om nedleggelse av fylkeskommunen.

Sei eit klart og tydeleg:

  • ja til næringslivet i heile fylket
  • ja til utbygging av ny infrastruktur
  • ja til å skape vekst, utvikling og nye arbeidsplassar på land og til vanns

Sei NEI til meir fylkeskommunalt byråkrati og sei JA til nedleggelse av fylkeskommunen.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Ansgar Dypbukt 17 timer siden Strømprisen til himmels
Sier meg enig i alt du skriver, strøm prisen er jo helt forferdelig ikke bare den, men nettleia er jo ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøSaksa frå referansegruppemøte 17.08.23: Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige midler til vegbygging ...
Geir Ole Sætremyr 7 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 7 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 8 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 8 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse