Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
13 februar 2023 11:00
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Illustrasjonsfoto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Regjeringa kuttar brutalt i riksvegløyvingane, og dei store vegprosjekta til titals milliard kr er stoppa og utsatt på ubestemt tid.

Møreaksen ligg lang.t bak alle desse oppstartsklare prosjekta pluss bak 4–5 prosjekt til med samla kostnad opp mot 100 milliard kr. Då forstår alle kvifor Møreaksen er sjanselaus og blir no skubba ut i øydemarka.

Annonse
Annonse

Men, Sp sin Geir Inge Lien og Ap sin Per Vidar Kjølmoen, nei dei har tydelegvis vore på ein anna planet og har ikkje fått med seg realitetane i eiga regjering.

Dei to Sp/Ap-karane skal vist berre få bygd Møreaksen dei, sjølv om realitetane, prioriteringar og Vedum sine statsbudsjett seier noko heilt anna.

Kompetanseløyse kallar eg dette, og rett og slett useriøst.

Når E136 vart lova oppstarta i år av Geir Inge Lien under konferansen ang. E136, måtte både Lien og Kjølmoen vite at dette berre var bløff.

Dei to måtte vite at statsbudsjettet kom til å bli kutta ang. samferdsel og planlegging, og at dei store vegprosjekta vart utsatt, likeså at Nye Veier AS ikkje fekk økonomi til oppstart av E136 Romsdalen.

Dette visste dei garantert.

No blir endeleg planlegginga av Møreaksen stoppa, og det var jammen på tide.

Annonse
Annonse

All fokus på framtidige statsbudsjett må no ligge på at Nye Veier AS får auka sine rammer slik at E136 Romsdalen blir planlagt og bygd.

Etter dette må det arbeidssted inn midlar til E136 Moa–Tresfjordbrua, samt planlegging og oppstart av E39 Veibust–Blindheim–Moa.

Dette er dei viktigaste vegstrekningene her i fylket, og ikkje eit gedigent sløseri på ein veg folket ikkje vil ha til Molde for 2292 bilar i døgnet.

Gjennom E39 Blindheimstunellen går mellom 25–35000 bilar i døgnet, i pulserende når ferjekøene kjem blir trafikken enda verre.

Ulykker på ulykker også fleire dødsulykker berre dei siste åra på denne smale tofeltsvegen er fasiten, og det må være eit krav at denne vegstrekninga blir prioritert og bygd ut straks.

Når har Geir Inge Lien og Per Vidar Kjølmoen tenkt å engasjere seg mot «dødsvegen» E39 Veibust–Blindheim–Moa? Når?

Er alle ulykkene og dødsulykker på denne vegen her med over 25.000 bilar i døgnet uviktig for Lien og Kjølmoen?

Når har Sp og Ap tenkt å prioritere dei farlege vegane i fylket, vegane med mest trafikk, og vegane som faktisk er Eksportvegar for næringslivet i fylket?

No er det viktig at faktabasert vegkompetanse vert lagt til grunn, og at trafikkgrunnlag, ulykkesutsatte vegar og næringsvegar blir prioritert, då må ein slutte med luftslottet til mange titals milliard kr slik som Møreaksen.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 9 måneder siden
    Heldigvis har vi representantar på Mørebenken som arbeider for fylket vårt. Takk til Kjølmoen og Lien. Kampanjen til Sve er ei skam!
Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 2 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDer er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDersom du har et snev av geografikunnskap vil du ha fått med deg at eg på vei til Sandsøya så ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse