Regjeringa sine nyfattige lid som følge av regjeringa sin energipolitikk.
Alt og alle er avhengig av energi. På arbeidsplassen, heime, hjå bonden, transportselskapet, fiskebåten, fabrikken, osv. Når energikostnadane stig på drivstoff og straum til det skyhøge nivået vi har hatt og har, har dette enorme ringverknader.
Regjeringa håvar inn enorme summar og tilhøyrande avgifter, på salg av energi. Dette påverkar alle prisar på varer og tenester. Sentralbanken svarar med å auke rentene, for å motvirke regjeringa sin politikk. Noko som gjer det endå trongare økonomisk for folk og for næringslivet. Istaden for å forebygge mot inflasjon og å unngå å havne i ein negativ prisspiral, så kjem regjeringa med forsøk på medisinering etterpå. Medisin som berre treff nokre. Såkalla straumstøtte. Mange fell utanfor denne ordninga og må blø økonomisk.
Dei aller fleste i landet har fått redusert kjøpekraft. Dei som har minst, vert mest ramma av regjeringa sin politikk. Frelsesarmeen og andre har opplevd stor pågang etter folk som treng hjelp. Og det er kraftig auke i folk som søker sosialhjelp. Og det er kraftig auke i inkassosaker og så vidare. Det er heilt vanlege folk som slit tungt økonomisk no.
I vårens lønnsoppgjer vil sterke grupper i arbeidslivet stå på krava om auka løn. Då vil dei forhåpentligvis få som fortent. Andre må ta til takke med det dei får, og fortsette å grave i avfallscontainerar etter mat som er kasta frå daglegvarebutikken, eller gjere andre tiltak.
Energinasjonen Noreg har vasskraft, olje og gass. I landet langt mot nord er her mørkt og kaldt store delar av året, energi til oppvarming er heilt nødvendig. I det lange og smale landet Noreg er transport og transportkostnadane heilt avgjerande for velferda. For å leve her treng vi god tilgang på rimelig energie. Vår eigen energi.
Ja vi lever i ein internasjonal verden og i eit Europa der energisituasjonen er i ubalanse. Men det er framleis Noregs regjering som bestemmer skattane og avgiftene her. Det er berre dei styrande som kan motverke høge energikostnader ved å sette ned avgiftene. Noko som er heilt nødvendig for å redusere fattigdom og for å unngå redusert velferd.