Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
27 februar 2023 20:31
Del på Facebook
Riksvei 70 Viadukten i Kristiansund. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Riksvei 70 Viadukten i Kristiansund. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgre gjekk frå 3 til 1 representant på Stortinget sist valg, ene alene på grunn av partiet og Ortens vanvittige kamp for Møreaksen, prosjektet som folket i fylket ikkje vil ha.

Når Orten forsøker å sverte meg i eit innlegg i Romsdals Budstikke fordi både vår Stortingsgruppe, fylkestingsgruppe, og fylkespartiet klart og tydeleg har sagt NEI til Møreaksen så lever eg meget godt med dette.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Ja, Orten har vore både i Transportkomiteen og lenge på Stortinget, og ein burde kanskje sett snurten av dette innan samferdsel her i fylket.

Einaste ein har opplevd er at det meste utanom Møreaksen, er trenert og skubba ut i tid.

Møreaksen som aldri her i fylket har vore prioritert på topp, har reist avgårde med mange hundre mill kr i vekkasta planlegging. Resten av fylket sine samferdselsprosjekt har fått lide brutalt av dette.

Eg skal ikkje kome nærare inn på Orten sine mange roller ikring Møreaksen, men rimeleg påfallande spesielt er det utvilsomt det som har skjedd ikring Møreaksen.

Forklar Helge Orten og Høgre, kvifor E39 Veibust–Blindheim–Moa, «dødsvegen» her i fylket, forklar kvifor denne vegen med sine over 25.000 bilar i døgnet ikkje har blitt prioritert av Høgre?

Forklar Helge Orten, kvifor du som leiar i Transportkomiteen ikkje klarte å prioritere, prosjektere og levere løyvingar til utbygging av heile E136? – prosjektet som har vore ubestridt nr. 1 på prioriteringane her i fylket i over 20 år?

Sjølv i dag står store delar av E136 som ikkje planlagt/prosjektert, med bakgrunn i at Statens Vegvesen sendte planleggingspengane og ressursane til Møreaksen istaden.

Annonse
Annonse

Jadå, eg veit at vi hadde ministrar, men eg veit også kven som var «sjefen» og Statsminister i den borgarlege regjeringa.

Ein ting er ivertfall sikkert, med eit Høgre som har ei holdning på omtrent same nivået som regjeringa ang. pengebruk, ynskjer høge skattar, skyhøg drivstoffprisar og milliardar i elektrifisering av sokkelen og det som værre er, blir det ikkje ei kr til andre vegprosjekt her i fylket dei neste 10–20 åra, dersom Møreaksen skulle bli bygd.

Derfor kjempar er og FrP fortsatt imot «galskapens prosjekt» Møreaksen. Blir dette skrota ein gong for alle, opnar det seg opp både reelle og økonomiske muligheiter for mengder av vegprosjekt i heile Møre og Romsdal i åra framover.

Eg fremma sist år eit dok 8 forslag i Stortinget om å prioritere heile E136 Ålesund–Bjorli, Orten og Høgre stemte imot.

Eg fremma også for nokre veker sidan eit nytt dok 8 forslag i Stortinget om prioritering av «dødsvegen» E39 Veibust–Blindheim–Moa, skal bli interresant å følge med kva Orten og Høgre stemmer då?

Så får det være Orten og Høgre si sak å fortsette med denne vanvittige politikken ikring Møreaksen.

Eg og FrP derimot skal love å kjempe imot Møreaksen til dette er skrinlagt for godt, og vi skal kjempe for midlar og realisering av:

  • E136 Ålesund–Bjorli
  • E39 Veibust–Blindheim–Moa
  • Ny veg E-39 forbi Batnfjorden
  • Rv. 15 Strynefjellet m/arm til Geiranger
  • Voldatunellen
  • Rv. 70 fleire prosjekt

For å nevne nokre gryteklare prosjekt her i fylket, som Møreaksen har torpedert så langt.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse