Fylkesordførar og varaordførar frå Ap og Sp burde skamme seg, stå og skryte i media av at dei tar over 60 mill kr frå lokalt næringsliv, og sløsar pengane vekk på fylkeskommunalt byråkrati.
Kjem FrP i posisjon for å styre fylkeskommunen etter valget, skal desse millionane i «Lakseskatt» som fylkeskommunen har fått, betalast attende til næringslivet i ei eller anna form.
Møre og Romsdal er bygd opp av privat kapital og privat næringsverksemd overalt i fylket. Stein på stein er lagt på plass i generasjonar og bygd opp det flotte næringslivet som vi har. Næringslivet står bak grunnlaget for at det bur folk i våre kommunar, og næringslivet sin verdiskaping fører til skatteinntekter som finansierar den offentlege velferden.
Dagens Sp og Ap regjering har tydelegvis sett seg som mål å knekke privat næringsliv, skatte bedriftene i senk med eit statsbudsjett og med eit skattenivå som ingen her i landet trudde var mulig. Rødt har tidligare sett rekord i krav om skattar og avgifter, no vert dette grundig slått av Sp og Ap, medan faktisk Høgre kjem hakk ihel. Aldri før har næringslivet hatt det vanskeligare i nyare tid, etter ein alvorleg pandemi har det blitt krig i Europa, samt kraftig inflasjon. Som om ikkje dette skulle være nok har altså regjeringa prestert å innføre den såkalla «Lakseskatten», ein skatt som rammar store delar av våre viktige bedrifter innan Marine næringar og store delar av utstyrsleverandørane brutalt.
Det må være bortimot det dummeste vi har sett, at ei fylkeskommune skryter av å ta pengane frå privat næringsliv som skapar verdiane og arbeidsplassane, nå dette faktisk heller kan føre til mindre skatteinntekter til fylkeskommunen grunna at næringslivet blir knekt av denne vanvittige grunnrenteskatten.
Nytt fleirtal må til i Møre og Romsdal politikken, eit fleirtal som bryr seg om næringslivet, arbeidsplassar og folk flest!