245 kr én vei på Møreaksen, i tillegg til bompenger både sør og nord for dette prosjektet, ville betydd tidenes mest svindyre bompengeprosjekt her i fylket.
I KS2-rapporten og pressemeldinga til Statens vegvesen står følgjande sitat:
«Hvis de økte kostnadene skal dekkes av bompenger betyr det økte bompengesatser fra Vik til Molde, fra 146 kroner til 245 kroner. Samtidig er ferjetaksten på strekningen Vestnes–Molde 131 kroner med 10 prosent Autopassrabatt.
Sammenlignet med dagens ferjetakst kan bompengenivået virke veldig høyt, skriver KS2-konsulentene.
Med andre ord har eg ikkje kome med feil tall, eg har fohalde meg til det statens vegvesen sjølv har kome med.
Med bompenger på 490 kr tur retur samt i tillegg bompengane som kjem nord og sør om dette prosjektet, vil dette raskt bli så høgt at det rett og slett er ingen som vil kunne bruke dette sambandet. Bu- og arbeidsmarkandsregion som liksom skulle vere eit argument mellom Ålesund og Molde, er grundig avskilta.
Så høyrer det med til historia at FrP er imot heile prosjektet, og såleis sjølvsagt også imot all bruk av bompengar. Det er slik at vi ikkje kan fortsette å bygge vegprosjekt her i landet på ein slik måte at vanlige folk ikkje har råda til å reise dit dei ynskjer utan å bli flådd økonomisk med dyre bompengar. Derfor ynskjer FrP også gratis ferjer og meiner det er bra at ferjetakstane blir signalisert kutta framover.
I fyrste omgang ville kutt i ferjetakstane og mulig gratis ferjer over Romsdalsfjorden og inn til Romsdalsaksen blir ferdig planlagt og prosjektert, vere den beste løysinga for absolutt alle i heile fylket.
Derfor blir det håplaust å kunne forstå at skyhøge bompengar på Møreaksen, på nokon som helst måte kan hamle opp mot synkande ferjeprisar. Dette er noko verken vanlige folk eller næringslivet forstår, og ingen kan leve med den ekstreme kostnadsauken det ville kunne blitt med prosjekt Møreaksen. Dei aller fleste forstår at dette ikkje er bærekraftig.
Møreaksen har med sin siste gedigne kostnadsvekst på del 1 på heile 5 milliard kr, bevist at Møreaksen får akkurat same kostnadsveksten som resten av landet sine samferdselsprosjekt. Regjeringa har stoppa det meste av utbygging av større samferdselsprosjekt, og kostnadane på absolutt alle prosjekt fyk kraftig opp, samtidig som pengebruken skal ned.
Dette betyr i klartekst at det ikkje er så gale at det ikkje er godt for noko, Møreaksen er sjanselaus og blir sjølvsagt skubba langt ut i tid og forhåpenligvis skubba godt nedi ei djup skuff.