Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
27 mai 2023 11:22
Del på Facebook
Foto: Løken / Wikimedia Commons
Foto: Løken / Wikimedia Commons
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Krise i fylkeskommunal økonomi, skal reddest ved enda høgare pengebruk.

Gratulerer Ap, Sp og Kristin Sørheim og co, som har tenkt å reparere sin eigen skakkøyrde fylkesøkonomi med enda høgare pengebruk.

Annonse
Annonse

No er det næringslivet som skal flåast gjennom havbruksfond og grunnrenteskatt som skal sprøytast inn i fylkesøkonomien.

Når fylkeskommunedirektøren viser eit grunnlag for kommande års budsjett der ein må kutte betydelig i drifta, er det direkte uansvarlig medisin å berre pøse på og tømme kassa med kvar ei einaste tilgjengeleg krone.

Driftsnivået i fylkeskommunen er for høgt, derfor hjelper det no ikkje med anna enn varige kutt i drifta.

Derfor meiner vi i FrP at det er heilt nødvendig å kutte ned på områder i drifta som ikkje er kjerneoppgaver. Prosjekt som er «kjekk å ha» må kuttast.

Til dømes er det uforståeleg at fylkeskommunen skal bruke mange titals mill kr på ei ny ferjekai på Hellesylt og i Geiranger, på ei ferjeruter som ikkje er fylkeskommunal men privat/kommersiell. Samtidig foreslår ein kutt i si eiga ferjedrift, men ynskjer altså å bruke enorme beløp på andre sitt ansvar.

Annonse
Annonse

Til dømes brukar ein i 2023 heile 20 mill kr på prosjektet bærekraftig by og tettstedsutvikling. Eit prosjekt der millionane flagrar utan nevneverdige resultat.

Det er 2.500 tilsette i fylkeskommunen og ca. 90 prosent av driftsutgiftene er løn i eit fylkeskommunalt budsjett på over 7 milliard kr.

Derfor må det kuttast i løn og dermed må alle ledd i administrasjonen som ikkje er kjerneproduksjon, setjast under lupa og rasjonaliserast.

Det er ivertfall total meiningslaust å tømme kassa i eit krampemessig forsøke på å opprettholde eit alt for høgt driftsnivå i fylkeskommunen.

Næringslivet burde fått tilbake grunnrenteskatten her i fylket, men Sp og Ap har ikkje forstått at næringslivet i fylket er sterkt pressa.

Møre og Romsdal ligg no på toppen av konkursstatistikken med ein auke i konkursar på heile 67 prosent så langt i år.

Sosialistane i Sp og Ap har ikkje forstått at nokon må skape verdiane før ein kan fordele dette ut til offentlig velferd.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøEg har sagt at KS2 må oppdaterast for endring av kostnadsnivået i prosjektet der KS2 rapporten frå 2023 er etter ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrMener du for alvor at en KS2-analyse må kvalitetssikres på nytt bare på grunn av prisstigning?
Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du er så enfoldig at du trur at der ikkje har vore prisstigning etter 2022 og fram til ein ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor lang tid går det før en må oppdatere KS2-analysen datert mars 2023 fordi den er utgått på dato og ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøPkt 8.4 første avsnitt. Må i det minste oppdaterast for ikkje å villeie Finansdepartementet og Stortinget 
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår går holdbarhetsdatoen for KS2-analysen ut?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse