Trygge vegar er viktigare enn eit overfylt fylkeshus, og eit fylkesbyråkrati som kun forbukar folk flest sine skattepengar.
Møre og Romsdal fylkeskommune har ca. 800 million kr på sitt disposisjonsfond. Samtidig viser fylkesadministrasjonen til at vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal har auka til over 16 milliard kr.
Kvifor blir fylkeskommunale midlar lagt på bok når vedlikeholdsetterslepet fortsetter å auke, når fylkesvegane står for ca 50% av dei alvorlige ulykkene på vegnettet?
Dårleg og skadd vegbane er grunnlaget for ca. 30 prosent av dødsulykkene på norske vegar. Derfor er vegvedlikehold, legging av ny asfalt og generelt vedlikehold svært viktig å kunne prioritere.
Møre og Romsdal fylkeskommune tok også over 133 stillingar frå Statens vegvesen for få år sidan, og kva disse egentlig har i oppdrag er ikkje lett å sjå. Dette med bakgrunn i aktiviteten innan nybygg av fylkesveg her i fylket vil bli redusert i følge fylkeskommunedirektøren.
Frp er garantisten til haustens fylkestingsvalg for å faktisk prioritere trygge og sikre fylkesvegar med eit styrka vegvedlikehold.
I FrP sitt alternative revidert Statsbudsjett aukar vi løyvingane til fylkesvegane med 250 million kr utover regjeringa sitt nivå.
Ellers ynskjer vi å flytte pengebruken frå fylkeskommunalt byråkrat, over til faktiske oppgåver som folk flest har nytte av. Likeså er det ganglaust at fylket legger seg opp enorme mengder med pengar, noko som ikkje kan vere oppgåva for eit fylke. Pengane må sjølvsagt nyttast til samferdsel og vidaregåande skular, og FrP vil når vi kjem til makta på fylkeshuset etter valget sørge for dette.
FrP og Høgre har i siste meiningsmåling reint fleirtal, og underteikna er også inne på fylkestinget.
Sannsynligvis er eit kryss ved meg på valgseddelen ei god investering. Eg ynskjer fortsatt å gjere ein så god jobb som mulig innan samferdsel og andre viktige saker for heile fylket, også i fylkestinget.