Annonse
Malena Strømmen Malakzadeh, 3. kandidat for Rødt Møre og Romsdal
Ytring
Malena Strømmen Malakzadeh, 3. kandidat for Rødt Møre og Romsdal
03 juli 2023 14:08
Del på Facebook
Foto: Heiko Junge / NTB
Foto: Heiko Junge / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Raudt Møre og Romsdal går til val på å seie nei til det som omtalast som «fritt skuleval», men som eigentleg er eit karakterbasert skuleval som gir valfridom til dei som har best karakterar og er meir ressurssterke enn andre.

Det er fleire negative konsekvensar av såkalla fritt skuleval. For det første gjer det at ungdom på 15 år risikerer å måtte flytte på hybel langt unna heimen sin for å kunne gå på vidaregåande skule fordi dei ikkje kjem inn på nærskulen sin, og ofte gjeld dette elevar som går yrkesfag. Dette gjeld særleg dei i byområda kvar presset på skuleplassar er høgare enn i distrikta, t.d. i Ålesund og Molde.

Statistikken som fylket la fram for 2022 viser høg grad av gjennomføring på 82,8 % i dei vidaregåande skulane for 2015-kullet, som vi skal vere godt nøgd med. Likevel ser vi at gjennomføringa på yrkesfaglege linjer er denne statistikken noko lågare med ei gjennomføringsprosent på 76,7 % for jenter, og 73 % for gutar.

For det andre ser vi år etter år at dei vidaregåande skulane i distrikta lev med ein konstant trussel om kutt i studietilbod når fylkesbudsjett i Møre og Romsdal skal handsamast. Dette rammar stort sett dei yrkesfaglege linjene hardast då dei er dyrast å drifte. Dette til tross for at næringslivet skrik etter lokal arbeidskraft, og statistikk peiker på at Noreg vil ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande skule i dei åra som kjem.

Nærskuleprinsippet er eit trygt og stabilt prinsipp å styre etter, og det ekskluderer ikkje moglegheita til elevar å søke seg til ein annan skule utanfor skulekretsen sin om linjetilbodet ikkje fins i nærområdet eller sosiale omsyn takast inn. Nærskuleprinsippet er med på å gi gode, stabile, desentraliserte tilbod til ungdommar i heile fylket og bidreg til levande distrikt og næringsliv – og til at færre elevar må flytte på hybel.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 6 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse