Annonse
KSU – Vipps – desktop
Hans Olav Myklebust, 3. kandidat til fylkestingsvalget for Fremskrittspartiet
Ytring
Hans Olav Myklebust, 3. kandidat til fylkestingsvalget for Fremskrittspartiet
26 august 2023 22:52
Del på Facebook
Foto: Annika Byrde / NTB
Foto: Annika Byrde / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Straum er grunnleggande for alt vi driv med. Når vi har nok av den og den ikkje er for dyr, så tar vi den for gitt og tenker ikkje så mykje meir på det. Når straum er mangelvare vil det ganske fort bremse utviklinga i samfunnet. Det vil og bremse og stanse ei omstilling til ein meir miljøvenleg kvardag.

Mangel på straum fører også til høgare prisar og er sterkt medverkande til inflasjon. Straumbehovet er stadig aukande og alt skal elektrifiserast i namnet åt «Det grøne skiftet» og Miljørørsla. Etablering av nye arbeidsplassar i fylket har blitt stansa på grunn av mangel på straum. Næringslivet, lag og organisasjonar og private har vore offer for straumprisar som sender folk på sosialen. Men verst har det vore lenger sør og aust i landet. Kva vert gjort for å sikre nok tilgang på straum til levelege prisar? Jau, fint lite.

Annonse
Annonse

Det er liksom vindmøllene som skal berge oss. Straum produsert av vindmøller til havs har ein produksjonskostnad på 117 øre (NOU 2023:3) Så kjem kostnad med framføring av straum i tillegg(linjenettet). FrP har på stortinget foreslått ein makspris på 50 øre til forbrukar, noko som vil skape forutsigbarheit for alle.

I tider med høge energiprisar tener det offentlege ekstra mykje på innbyggjarane sine, og det må kome folket til gode. Produksjonskostnadane er jamt over dei same om prisen til kunden er låg eller høg. Det ligg og eit stort potensiale i fornying av eksisterande vasskraftanlegg.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Diverre ligg både skattepolitikken og regelverket i vegen for at vi skal kunne fornye desse i det tempoet som bør gjerast. Og fint lite vert gjort med det. Kjernekraft er også løysinga for å møte framtidas energiutfordringar. Rein og regulerbar energi som kan produsere straum år etter år på ein sikker og arealeffektiv måte.

I Møre og Romsdal brukar vi over dobbelt så mykje straum som vi produserer sjølv. Det trengst handling om vi ikkje skal kome i ei alvorleg knipe. Handling vil FrP syte for.

Møre og Romsdal treng både nok energi og til ein pris vi kan leve med.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse