Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Foto: Isabelle Orvik
Foto: Isabelle Orvik
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

I går fekk eg vite heilt sikkert at eg er vald inn på fylkestinget i Møre og Romsdal. Eg gler meg til arbeidet, og lovar å ikkje gå stille i dørene.

Distrikta vart diverre valets taparar. Sjølv om Senterpartiet isolert sett gjorde eit heilt okei val – ja kanskje eigentleg eit bra val med tanke på den politiske situasjonen elles, så glapp diverre posisjonen i Møre og Romsdal.

Annonse
Annonse

Eg ynskjer høgresida lukke til med å styre fylket vårt, og å innfri alle valløfta sine (og her kjem eit lite utval av det som vart lova av FrP i skulevalkampen):

  • Gratis buss for alle under 20 år.
  • Fleire bussavgangar i heile fylket, særleg på bygda.
  • Snus til 40 kroner.
  • Fjerne lakseskatten, eigedomsskatten og formueskatten.
  • Kutte alle drivstoffavgiftene.
  • Oftare ferjeavgangar.
  • Auke frikortsgrensa til 250.000 kroner
  • Ikkje legge ned nokon vidaregåande skular, men tvert om styrke linjetilboda på distriktsskulane.

Eg skulle gjerne gått ut og lova hardt og mykje i valkampen eg også, men i motsetnad til FrP så deler ikkje vi ut pengar vi ikkje har. Konsekvensane av å innfri alle valløftene deira vil vere å måtte stoppe all positiv utvikling i Møre og Romsdal og å bygge ned velferdssystemet vårt kraftig. På bekostning av kva?

Annonse
Annonse

Med FrP sin politikk er det alltid distrikta og dei som allereie har det tøft som tapar.

Då er det kanskje bra for FrP og Høgre at dei har fått med seg Kristeleg Folkeparti som støttehjul - eg skjønnar godt at dei treng hjelp frå «høgare makter» for å klare å gjennomføre alt dei har lova.

Senterpartigjengen på fylkestinget kjem til å bestå av folk eg ser skikkeleg opp til: Per Ivar Lied, Tove Henøen, Henrik Stensønes og Lisa Alvestad – og meg då. Vi skal vere folkets tenarar, og gjere alt vi kan for at sentraliseringskameratane på høgresida ikkje vinn fram med si rasering av bygda.

Følg meg gjerne på Tiktok: @spdordi for å få med deg kampen mot FrP og Høgre på fylkestinget.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrJeg stoler på ditt referat. Eller er det noe viktig du har utelatt? På samme måte har det også vært ...
Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøDu har to alternativ: meld deg inn i fb gruppa, eller be SVV om å få ein kopi av ppt.-presentasjonen ...
Terje Sundsbø 3 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrPå samme måte har det også vært forslag om å flytte fergeleiet bort fra sentrum av Molde. Det blir nok ...
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøSVV har hatt oppstartsmøte med Vestnes kommune det dei skal oppgradere kaianlegget på Furneset, inkludert trinn 2 der kai nummer ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDu er klar over at du linker til en internettside som krever medlemskap hos Facebook? Altså ikke åpen tilgjengelig for ...
Bjørn Arild Reed Jacobsen 6 timer siden Framtidens teknologi med Møreaksen
@Terje SundsbøTerje Sundsbø, du har en tendens til å komme meg i forkjøpet . Skulle akkurat til å stive det samme ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse