Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Foto: Privat
Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Éin ting har alle politikarar til felles: Vi jobbar for å endre samfunnet vårt til noko betre. Så er vi usamde om løysingane. Dei færraste politikarar er fulltidspolitikarar, og dei fleste legg ned mykje arbeid på fritida si for å bidra til demokratiet. Difor ynskjer eg å framsnakke nokon av politikarane eg har møtt i skulevalkampen i år, frå andre parti!

Ein av dei eg vil trekkje fram er Joakim Myklebost Tangen frå Framstegspartiet og Gjemnes. Vi har gått skuledebattar mot kvarandre i fleire år. Han er både sakleg og ryddig, og møter alltid godt førebudd. I tillegg vil eg gi han ros for å tore å vere usamd med eige parti, mellom anna ved å sei nei til narkotika og ja til nynorsk. Eg ser fram til å sitje på fylkestinget saman med han. Det er også fleire hyggelege folk frå hans parti eg har møtt denne valkampen: mellom anna Lars Andreas Vartdal og Viola Stangenes, begge frå Rauma, og sunnmøringane Karl-Oskar Sævik og Lovise Voldsund.

Annonse
Annonse

Min sambygding frå Straumsnes, Saga Skjevling, har gått skuledebattar for Raudt, og Håvard Brændelandfrå Kristiansund har gått skuledebattar for SV. Begge er trivelege folk, sjølv om dei er sosialistar ;-) Håvard sin måte å snakke ærleg, velformulert og roleg i debattar beundrar eg.

Frå Arbeidarpartiet er det vanskeleg å kome utanom Jens Aklestad frå Fjord, eit stort politisk talent. Han har teft, er grundig og jordnær – det er gode kvalitetar hjå ein politikar. Frå Møre og Romsdal har eg også gått debattar mot kristiansundaren Astrid Hoem, og møtt Ola Dalsegg frå Surnadal på stand. Fine folk begge to! I tillegg har eg vorte litt kjend med fylkessekretæren til AUF i fylket, Nora Holtleite. Ho framstår som organisatoren som har kontroll på alt, og som uansett kor travelt ho har det møter deg med eit smil.

Annonse
Annonse

I Høgre må eg gi skryt til midsundingen Maritha Løken! Fyrste gong eg møtte ho er berre ein månad sidan, då vi begge sat i debattpanelet på Tingvoll vgs., fylkets minste vidaregåande skule. Dit kom ho og sa at Høgre ynskja å legge ned skulen – ganske bold statement der og då. Eg er sjølvsagt veldig usamd med ho i den saka, men vil gi ho honnør for å vere ærleg. I resten av skulevalkampen har eg opplevd ho som ei jente med gode argument og godt humør.

Så kjem det fire sunnmøringar eg vil gi eit klapp på skuldra til: Steinar Ørstenvik og Hedda Aasen frå MDG, Dorte Klokk frå KRF og Håvard Urkedal frå Venstre. Trivelege folk alle saman, sjølv om vi kan vere veldig usamde.

Politikarar eg berre folk, slik som alle andre. Og nokon av dei er kjøle hyggelege også. I ei tid der nesten halvparten av alle folkevalde opplev hets, håpar eg du hugsar på at bra folk kan ha «dårlege» meiningar. Men det gjer dei ikkje til dårlege folk av den grunn.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrJeg stoler på ditt referat. Eller er det noe viktig du har utelatt? På samme måte har det også vært ...
Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøDu har to alternativ: meld deg inn i fb gruppa, eller be SVV om å få ein kopi av ppt.-presentasjonen ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrPå samme måte har det også vært forslag om å flytte fergeleiet bort fra sentrum av Molde. Det blir nok ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøSVV har hatt oppstartsmøte med Vestnes kommune det dei skal oppgradere kaianlegget på Furneset, inkludert trinn 2 der kai nummer ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDu er klar over at du linker til en internettside som krever medlemskap hos Facebook? Altså ikke åpen tilgjengelig for ...
Bjørn Arild Reed Jacobsen 6 timer siden Framtidens teknologi med Møreaksen
@Terje SundsbøTerje Sundsbø, du har en tendens til å komme meg i forkjøpet . Skulle akkurat til å stive det samme ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse