Når vanlige unge studenter blir tatt i 4–5% plagiat i oppgåver, blir deira oppgåver underkjent og dei mister både skuleplass og får karantene.
Når vi no er vitne til enda ei skandale i Ap/Sp-regjeringa med fusk og fanteri, blir det påfallande å sjå korleis «Ap-kortet» blir forsøkt brukt.
At Kjerkhols masteroppgåve skulle vore underkjent for lengst er no klart, men i staden for å bli behandla likt med andre elevar, fekk oppgåva karakteren A.
Eg mistenker at her har «Ap-kortet» blitt brukt, og samfunnet er dessverre gjennomsyra med Ap-styresett overalt.
Men, vi såg korleis det gjekk til slutt.
Her i fylket opplever vi «Ap-kortet» både gjennom media og ellers.
Ap er liksom heva over det meste, og kan gjere som dei vil utan at verken dei større avisene eller andre bryr seg.
Påfallande blir det når eit nytt borgarleg fleirtal tek over styringa av fylket etter 12 år med Ap ved makta. Då er brått Line Hoem og Ap-orakelet frå Ålesund frampå, gløymt er at det er Ap og dei sjølve som har ført fylkeskommunen i økonomisk uføre.
Ut av skapa på fylkeshuset ramlar den eine skandala etter den andre – millionar av kr i tap berre på «Fylkeshuset AS», skandala er dyrebar lærdom og Ap i praksis.
Fylkeshuset AS og bærekraft ditt og bærekraft datt havna også til Økokrim, men der Ap sikkert gjorde det dei kunne for å stoppe vidare undersøkingar.
Haugevis av selskap har Ap sløsa vekk titals på titals med millionar av kr, og no står vi midt opp i gjørma og må rydde opp.
Ikkje berre haugevis av tømmerstokker i Ålesund til millionar som må sagast opp til ved, men her trengst verkeleg kraftig lut til for å rydde opp etter Ap.
Det er berre å pakke ned Ap-kortet, dette raud-grøne kaoset har fått råde alt for lenge både i kommuner, fylke og i regjering.