Kollektivtransport er ikkje lønsamt, verken i storbyane eller i distrikta. I 2018 utgjorde f.eks. støtte 43% i Oslo/Akershus, 54% i Bergen/Hordaland, 57% i Trondheim/Trøndelag og 60% i Stavanger/Rogaland.
Kollektivtransporten rundt storbyane vert altså støtta med milliardar i året. I tillegg får jernbanen store subsidiar rundt desse byane. «Togbussen» vil aldri bli lønsam, verken etter korona eller etter at jernbanebrua er på plass igjen. Men kollektivtransport oppfyller andre samfunnsnyttige formål, som å redusere bilkøar i byane, redusere utslepp og sørge for at folk kan komme seg frå a til b om dei ikkje kan køyre bil, slik at det kan bu folk i heile landet.
Nettopp difor er det eit politisk ansvar å støtte viktige kollektivtilbod.
I Møre og Romsdal er det ferjedrifta som kostar enormt mykje, over 250 millionar i året meir enn det fylkeskommunen får i støtte frå staten til ferjedrifta. Dermed må det kuttast i andre tilbod om ein ikkje er villig til å justere ferjetilbodet litt ned.
Men å kutte det einaste busstilbodet mellom Kristiansund og Oppdal, gjennom fire nordmørskommunar og Oppdal, til E6 og jernbane, det går berre ikkje an! Fylkeskommunedirektøren foreslo det same i førre valperiode også, men vi greidde i lag, både posisjon og opposisjon på fylkestinget, å oppretthalde ruta. Vi sikra også litt meir midlar til bestillingstransport, som er eit viktig tilbod på bygda og i enkelte bydelar. Med eit kutt i nokre få ferjeavgangar sparte vi 6 millionar kroner i året, nok til «Togbussen», om ein vil sjå det i samanheng.
Det sitjande fylkestinget greier sjølvsagt også å sikre finansiering av «Togbussen» hvis de set dykk saman og alle kutta rein bit av sine kjepphestar. Vi ber om at de ikkje tek «Togbussen» og bestillingstransport ut av rutepakke 6, og de må ikkje gå inn for å kutte enda meir i tilbodet dersom prisen blir høgare enn dagens kostnad, slik fylkeskommunedirektøren foreslår. Sjølvsagt blir det dyrare! Med prisstigning og lønnsoppgjer vil alt koste meir enn i dag. SP, AP, SV, R og MDG står klar, V og KrF har sagt at dei vil snu alle steiner. FrP har ofte vist handlekraft i samferdselssaker for distrikta. Dette greier de å finne ei løysing på denne gongen også.
Av: Kristin Sørheim, Senterpartiet